Jan Ove Hafstad har lenge vore synonymt med Førde Volleyballklubb. No er ein æra i klubben si historie over.

– Det er klart det kjennest spesielt å gå ut av styret etter så lang tid. Det har jo blitt ein livsstil for meg, dette, seier Jan Ove Hafstad.

Det er nok ikkje berre for Hafstad sjølv det kjennest spesielt. Gjennom mange, mange år har volleyballentusiasten alltid vore der ting har skjedd i regi av Førde Volleyballklubb. Det har blitt tallause treningar, kampar, styremøte, sponsor- og spelarmøte. Og sjølvsagt ein bråte dugnadar. Denne veka sa han frå seg styrevervet i klubben.

For første gong sidan slutten av 1990-talet har Førde Volleyballklubbe eit styre utan at Jan Ove Hafstad er med.

– Eg har tenkt på det dei siste to-tre åra. No fann eg ut at det var på tide å ta til fornuft. Skal eg vere med, må eg gå inn for det med eitt hundre prosent. Eg kjende at eg ikkje kunne klare det no, seier Hafstad.

Trente og spelte utan sko

Jan Ove Hafstad går ut av styre og stell med flagget til topps. Førde Volleyballklubb er etablert med lag i eliteserien for både kvinner og herrar, og herrelaget skal spele cupfinale til hausten. Klubben har blitt ein markant klubb i Noreg, og dei siste 15 åra har premieskapet blitt velfylt.

Men: Slik har det ikkje alltid vore. Då Hafstad kom med i volleyballen på slutten av 1960-talet, var det på heilt andre vilkår.

– Vi hadde jo ikkje pengar i det heile teke. Folk trente og spelte utan sko – for det var ikkje all som hadde råd til slikt. Dei første draktene våre var vanlege t-skjorter, som foreldra våre sydde nummer på, humrar Hafstad.

I starten var volleyballen basert på skulemiljøet rundt gymnaset i Førde. Hafstad var blant dei ivrige spelarane då lærar Herman Johansen drog i gang den nye idretten. Seinare vart Førde Volleyballklubb stifta i 1974. Då hadde førdianaren flytta til i Stavanger, men han kom med som spelar i klubben igjen i 1979. Laget trente i gymsalen på Førde barneskule. Dei trente styrke på scena, og i eit lite bakrom spelte dei sitjevolleyball for å trene teknikk.

UTAN SKO: Slik kunne det sjå ut på trening med gymnasiastane i Førde tidleg på 70-talet. Her trenar dei i gymsalen på Sande. Foto: Magne Hornnes

Frykta nedtur på cupfinalen

Utover på 1980-talet gav Hafstad seg med volleyballen for å prioritere jobb og familie. Først på slutten av 1990-talet fekk han spørsmål om han ikkje kunne tenkje seg å sitje i styret. Han sa nei til tilbodet tre gongar, før han endeleg takka ja i 1998. Sidan har han site i styret. Vi snakkar altså om ein samanhengande periode på over 20 år.

– Eg spurte om korleis den økonomiske stoda var. Svaret var at det var ingen problem. Men det var det jo. Eg trur ingen visste kor gale det eigentleg var. Det gjekk tre-fire å på å rydde opp. Då gjorde Alf Jonas Pettersen ein kjempejobb, fortel Hafstad.

Sidan har Førde Volleyballklubb teke store steg. Frå å vere ein 1. divisjonsklubb, via eit jo-jo-tilvære mellom divisjonane, til å etablere seg i eliteserien og byrje å vinne titlar.

Eitt av dei store høgdepunkta var cupfinalesigeren i 2007.

– Det var den første gongen vi var med på noko stort, så den cupfinalen heng framleis høgt. Vi drog i gang eit opplegg med fleire bussar med folk frå Førde til Oslo, og eg var redd vi hadde gira oss opp til noko som ville bli ein fiasko. Alle venta jo at vi skulle tape mot Tromsø. Men så vann vi. For ei stemning det var i den hallen, mimrar Hafstad.

HØGDEPUNKT: Førde tok gull i NM for både kvinner og herrar i 2018. Mannen som sytte for “2xGull”-banneret var sjølvsagt Jan Ove Hafstad. Foto: Leif Røv

Trur han har brukt nesten ti årsverk

Fire år seinare kom eit anna høgdepunkt med cupfinalen 2011 i Førdehuset. Det var eit stort arrangement å ta på seg, og eldsjelane stod på nesten døgnet rundt – og det gjekk nesten knirkefritt. Førde slo erkerivalen Nyborg framfor smekkfulle tribunar. Hafstad kjem nok heller aldri til å gløyme dobbeltriumfen i 2018, då både damene og herrane vann cupfinalen i Oslo. Han har og svært gode minne om turen til bortekampen i Frankrike med damelaget i europacupen.

Likevel er det miljøet i klubben han trekkjer fram som det viktigaste.

– Drivkrafta mi har alltid vore miljøet. Slik var det på 70-talet og. Det er så utruleg mange trivelege folk. Eg har fått vere med og forme unge menneske. Det er ein ballast eg har fått gjennom volleyballen. Dessutan er eg driven av eit sterkt vinnarinstinkt, seier Hafstad.

Han er oppteken av at Førde alltid har vore ein dugnadsklubb, og at det har halde klubben gåande på eit høgt nivå. Framleis er det berre elitetrenarane som får løn for innsatsen. Alt anna er dugnad. Og slik må det halde fram å vere, meiner han.

– Går det an å seie kor mykje tid du har brukt på Førde Volleyballklubb?

– Nei, det er vel ikkje mogleg. Men eg har tenkt på det. Eg trur nok det nærmar seg ti årsverk, seier Hafstad.

Han legg til:

– Det har blitt ein livsstil for meg. Men no var det rett å gje seg.

Jan Egil Tvinde held fram som leiar etter årsmøtet i Førde Volleyballklubb denne veka. Resten av styret konstituerer seg i næraste framtid.

SLUTT: Jan Ove Hafstad takka for seg på årsmøtet. Jan Egil Tvinde (t.v.) held fram som leiar.