Førde Cup for U15 og U17 er arrangert for andre året på rad, og vi er godt nøgde med arrangementet. I år møttest 23 sunnfjord- og mørelag til vennskapleg volleyballspel. Heile 62 kampar vart spelt i løpet av laurdag og søndag. Mellom 25 og 30 foreldre har vore i sving som hallvakter, dommarar, sekretariat. Fleire lag overnatta på ungdomsskulen og fekk oppvarting av foreldre som laga og servere mat og var nattevakter.

Klubben takkar Naustdal dampbakeri for sponsing av bakevarer til cupen. Gjestane var godt nøgde med både serveringa på skulen og lunsjpakkane som fleire lag hadde bestilt.

Som om ikkje dette var nok, hadde klubben også dugnadsoppdrag med vareteljing på Extra i Førdegården. Her møtte om lag 25 flinke teljarar. Tusen takk for flott innsats.

Topplaga i klubben har hatt bortekampar denne helga. 1.divisjons-karane var i Kongsberg og Oslo og vann begge sine kampar. Elitedamene blei historiske ved å vinne tre kampar i Stavanger og har kome seg vidare til finale i NCC. Gratulerer med strålande resultat! Meir om dette kjem seinare.

Eliteherrane hadde kortaste reiseruta og fekk med seg ein siger og eitt tap frå Bergen. Men dei kvilte ikkje på søndagen. I staden deltok dei både på vareteljing og dømming av finalekampane i FørdeCupen. Dei er gode førebilde for den yngre generasjon volleyballspelarar.

Vi takkar laga: Ålesund, Blindheim, KFUM Volda, Svelgen, Florø og Viksdalen for triveleg samvær i helga og gratulerer vinnarlaga i FørdeCup 2017:

  • Jenter 15: Blindheim 2
  • Gutar 15: KFUM Volda
  • Jenter 17: KFUM Volda
  • Gutar 17: KFUM Volda

Tekst og foto: Sissel Sande