Både herrane og damene starta sesongen denne helga med to seriekampar kvar. Herrane tok turen til trøndelag for å møte nyopprykka Stod og studentane frå NTNUI. Damene har gjort unna sin lengste tur denne sesongen med kamp mot OSI i Oslo og NTNUI i Trondheim. Resultatmessig enda helga perfekt, med fire sigrar, tolv poeng og ingen tapte sett.

Damene si helg (OSI – Førde 0-3, NTNUI – Førde 0-3)

Jentene satt seg i bilen til Oslo kl 15:00 på fredag ettermiddag, og begynte med det den første av helgas 22 timar med køyring. Heldigvis fekk vi ei natt på hotell og ein god hotellfrukost før første kamp mot OSI kl 15:00 på laurdag. Når kampen begynte viste jentene at ei lang reise ikkje stoppa dei frå å spele bra volleyball. Førde tok kommandoen frå første ball og såg seg aldri tilbake. Her viste det seg at all treninga hadde fungert, sopass bra at motstandaren aldri fekk meir enn 16 poeng i eit sett. Trenaren trekker fram Lera som spelte ein kjempekamp, og Elise som gjorde svært gode innhopp som serve- og mottaksbytte. Etter ein svært kontrollert 3-0 siger var det klart for ein ny biltur, Oslo – Tronheim.

På søndag møtte vi nyopprykka NTNUI. Etter å ha sett gutane slå same motstandar 3-0 kunne ikkje vi vere noko dårlegare. Anført av Hilde i storform måtte også NTNUI gi tapt mot sterke Førde-jenter. Heller ikkje denne kampen fekk motstandaren over 20 poeng i eit sett. Etter ein kjapp dusj var det å komme seg i bilen og gjere seg ferdig med helga sin siste biltur, Trondheim-Førde.

Herrane si helg (Stod – Førde 0-3, NTNUI – Førde 0-3)

Samtidig som damene reiste til Oslo, køyrde gutane blåbussen nordover mot Trondheim. Her vart det ei natt på hotell før vi dagen etter tok turen til Stod, der eit svoltent nyopprykka lag var motstandar. Med mykje folk på tribuna og ei herleg ramme rundt kampen sleit gutane med å sette spelet sitt i første sett. Stod spelte bra, men vi klarte å dra i land settet 25-23. I dei neste setta var det tydeleg at gutane hadde blitt vande med hallen og klarte å spele med meir ro. Dei to siste setta vart ei transportetappe og sesongen sin første siger var i boks.

Dagen etter møtte vi NTNUI som har vist seg å vere ein vanskeleg motstandar dei siste åra. Men gutane spelar ein solid kamp og vinn til slutt kontrollert 3-0. NTNUI viser seg tidvis å vere svært vanskelege å spele mot med bra blokk- og forsvarspel, men blir litt for ustabile i egen side-out. Også gutane enda med helga med full pott, og kan sette turen tilbake til Førde.

NRK: https://www.nrk.no/sognogfjordane/_-har-grua-meg-til-denne-helga-i-fleire-veker-1.13724569
Firda: https://www.firda.no/sport/volleyball/forde/denne-helga-vart-heilt-perfekt-for-forde/s/5-15-468589