Også denne helga har begge elitelaga spelt to bortekampar kvar. Herrane mot BK Tromsø og Koll, damene mot Oslo Volley og Koll. Det enda, som førre helg, med fire nye sigrar, sjølv om dei satt litt lenger inne enn førre helg. Etter åtte kampar har vi altso åtte sigrar!

Herrane (BK Tromsø – Førde 1-3, Koll – Førde 2-3)

Etter å ha køyrt buss til Oslo fredag flaug gutane til Tromsø tidleg laurdag morgon. I Tromsø venta fjorårets cup- og seriefinalist, som også er eit av dei beste heimelaga i serien. Gutane våre gjekk respektlaust til verks og slo Tromsø komfortabelt dei to første setta. Tidvis sitter spelet vårt ekstremt bra, med solid side-out og godt blokk-/forsvarspel. Men i andre periodar sliter vi litt meir, og det gjer at 3.settet går til Tromsø, etter dei serva ein nettrull på settballen. I fjerde sett ville vi sørge for at alle 3 poenga blei med tilbake til Førde, og med litt betre flyt i spelet klarte Lars Fredrik å slå inn matchballen som ga oss vår tredje siger på tre kampar.

Dagen etter venta Koll i Oslo. Med mange tidlegare Førde-spelarar og fleire nye signeringar visste vi at dette kom til å bli ein tøff kamp, og det vart det. Koll gjekk ut i hundre og spelte oss av bana i første sett (25-15), og holdt det gåande i andre sett(25-20). I tredje og fjerde sett hevar vi spelet vårt og klarar å dra dei i land, etter ei god opphenting heilt på slutten av fjerde sett. Femte sett har vi lenge kontroll på og har matchball på 14-10, men etter nokre gode handlingar på andre side av nettet har plutseleg Koll matchball. Vi beheld roen, tar matchballen tilbake, og med godt blokkspel tvingar vi Koll til å slå ut, og vi vinner 18-16.

I ein kamp som florerer av personlege feil på begge sider, merkelege dommaravgjerder og eit utruleg leven frå tribuna er vi svært nøgde med å klare å dra i land sigeren, spesielt etter å ha hamna under 0-2. Vi gir ein stor shoutout til Koll Ultras som lagde ei vanvittig stemning på tribuna!

Damene (Oslo Volley – Førde 1-3, Koll – Førde 1-3)

Damene sin første kamp i helga var mot seriefavoritten Oslo Volley. Når vi stilte utan kaptein Hilde var det nok mange som rekna med at Oslo Volley kom til å ta ein komfortabel siger(sjølv om vi alltid hadde trua). Oslo Volley var det beste laget i første sett, vi slit med å få serve- og mottakspelet vårt til å sitte, og gjer det tidvis lett for Oslo. Andre settet svingar fram og tilbake, og Oslo Volley leiar 22-20 før Fauske går på serve. Knallgod serving og god blokking av oss gjer at vi vinn 25-22. Etter dette vart Oslo Volley tydeleg frustrerte. Dei byrjar og kjefte på dommarane, lagkameratar og motstandarar, og på eit tidspunkt stod trenaren deira midt på bana for å kjefte på dommaren(forøvrig utan at dommaren ga noko straff for det). Når vi i tillegg spelar kjempebra volleyball, kosar oss og viser mykje energi blir det lett å spele volleyball. Vi knuser Oslo Volley i dei to siste setta og slår med det Noreg sitt antatt beste lag.

Dagen etter venta Koll, som på papiret skal vere svakare enn Oslo Volley. Men Koll spelar ein kjempekamp, og servar oss av bana i første sett. Som dagen før brukar vi litt tid på å setje serve- og mottakspelet vårt, men når det begynner å sitte viser vi at vi kan slå kven som helst. Etter å ha slitt i land andre sett klarar vi å vinne tredje og fjerde med nokså god margin.

Jentene endar helga med 2x 3-1, 6 nye poeng, og 1.plass på tabellen!

No gler vi oss til sesongens første heimekampar, søndag kl 14.00 og 16.00 mot NTNUI!