I helga skal begge lag spele gruppespel i NCC – NEVZA Club Championship. Vinnaren av helgas kampar går vidare til sluttspel i den nordiske ligaen. 

Totalt fem norske damelag deltar. Våre elitedamer deltar for første gong! I vår gruppe er Randaberg arrangør. I tillegg til Randaberg spelar dei mot Køge frå Danmark og Polonia frå England.

TIF Viking arrangerer turneringa for pulja til eliteherrane. Dei reiser inn fredag for å spele mot danske Hvidovre, i tillegg til Viking. På herresida er det til saman fire norske lag.

Her er kampskjema for våre kampar. Følg med på Facebook for stream, oppdateringar og bileter gjennom helga.

Damelaga i Randaberg:

Fredag 3/11 – 17:00: Polonia SideOut – Førde VBK

Lørdag 4/11 – 17:30 Førde VBK – Team Køge

Søndag 5/11 – 14:30: Randaberg VBK – Førde VBK

Herrelaga i Bergen:

Fredag 3/11 – 19:00: Førde VBK – TIF Viking

Lørdag 4/11 – 15:00: Førde VBK – Hvidovre VK