Fredag arrangerte vi skuleturering for Førde-elevane i 6. og 7.klasse. Heile 240 elevar var med på å lage liv i Førdehuset. Det vart spelt kampar på 36 baner samtidig, altså var det kontinuerleg 72 lag i aksjon. Ein såg stor utvikling hjå elevane frå ein starta om morgonen til turneringa var slutt. Godt gjennomført og viktig arrangement for å gjere volleyballen meir synleg!