Mellom 20 og 30 barn og unge sette av dei tre første dagane av haustferien til å lære meir volleyball; og dei hadde dyktige instruktørar.

Helga før ferien vann begge elitelaga kvar sine to bortekampar. Men i staden for å kvile og nyte sigrane sine, jobba mange av spelarane dugnad allerede mandag for å rekruttere unge volleyballspelarar. Vitor Macedo stod for organiseringa av opplegget. Han hadde med seg fleire av dei andre elitespelarane på dame- og herrelaga. Saman gav dei god instruksjon og rettleiing i ulike volleyballtekniske øvingar. Men det var også tid for leik, moro, lunsj og litt konkurransar. Smil, glade fjes og slitne kroppar tyder på at dagane var vellukka. Stor takk til Vitor og dei andre spelarane som var instruktørar.

Etter haustferien startar treningane for minivolleyball. Vi håpar volleyballskulen ga meirsmak, slik at mange av deltakarane kjem på trening.