Laurdag 16. desember held Førde Volleyballklubb julebord på Sunnfjord Hotell. Alle sosiale og prateglade volleyballvenner er inviterte til gildet etter dobbeltkampane mot Koll same dag.

Vi samlast for å feire god volleyballaktivitet blant små og store. Håpar du har tid til å setje av kvelden til uformelt triveleg samvær.

  • Oppmøte på Scandic Sunnfjord Hotel kl. 20:30
  • Pris 395,- kr. pr. pers. (NB: eigen pris for alle aktive spelarar i klubben)
  • Påmelding via e-post til leiar@fvbk.no

Kjekt om vi kan samlast på Pikant ca. kl. 19.00