Volleyballskule i vinterferien!

Vitor trenar årets Noregsmeistrar – damelaget til FVBK. Alyssa vart kåra til cupfinalen sin mest verdifulle spelar. I vinterferien får du sjansen til å lære av dei! Førde volleyballklubb arrangerer volleyballskule for gutar og jenter frå og med 4. til og med 10. klasse.

Tid: Måndag, tysdag og onsdag 19.-21.februar 2018
Stad: Førdehuset

Treningane vert i Førdehuset kl. 10-15. Hovudinstruktørar vert Vitor og Alyssa med hjelp av spelarar frå Førde VBK sine elitelag. Du kan melde deg på for ein eller fleire dagar. Vi lagar grupper ut frå nivå og tal påmelde.

Pris:
• Kr 250,- pr. dag
• Alle deltakarar får ei Førde volleyballklubb T-skjorte
• Ta med eigen matpakke og drikkeflaske
• Betaling til Vipps nr. 132763 eller til konto nr.3705.02.49132 før oppmøte.

Send betalingskvittering til leiar@fvbk.no

Påmelding:
• Send e-post til leiar@fvbk.no
• Skriv namn og fødselsår og telefonnummer til foreldre
• Påmeldingsfrist: måndag 12.02.

Vi må ha eit minimumstal deltakarar for å starte opp