Den 13. januar vart vi historiske! Vi sikra oss vårt første cupgull på damesida etter ein forrykande 3-1 kamp mot Oslo Volley.

– Det er truleg den beste kampen vi har spelt så lenge eg har vore med. Det var så herleg, sa Karoline Fauske til Firda i jubelrusen rett etter sigeren.

Både ordførar, representantar frå sponsorar og ein livlig gjeng volleyballengasjerte frå Førde var med, og vi konkluderar med at også tribuna blei vunne av Førde-supportararne. Berre sjå bilda under! I tillegg til supporterane våre takkar vi Norges Volleyballforbund for godt arrangement, sponsorane for å gjere slike historiske augeblink mogeleg og involverte i klubben vår for å legge ned tid og tru på spelarane og i satsinga.

Alle foto: Svein Rune Kjøllesdal / Firda