Spissa topp-idrett i Førde

Kombiner skulegang og satsing på volleyball!

Førde Volleyballklubb har i samarbeid med Hafstad vidaregåande skule i Førde eit tilbod om spissa toppidrett i volleyball.

Førde Volleyballklubb står for treningane og det faglege opplegget, medan Hafstad vidaregåande skule administrerer tilbodet.

Det er totalt 15 plassar fordelt på vg1, vg2 og vg3.

Les meir og meld deg på samling lenger nede på sida!

Godt miljø

Kjekke opplevingar

Styrketrening

Dette er Hafstadsatsinga:

  • Tre balløkter og to styrkeøkter i veka i samband med skulen. Styrkeøvingane vil vere spesifikke øvingar for volleyball. Desse øktene vil vere i tilknyting til skulekvardagen, før skulen, i skuletid eller rett etter skulen.
  • Treningskort på Puls vil bli dekt av satsinga, dersom du trenar styrke minimum to gonger for veka og kan dokumentere dette gjennom oppmøteregistrering. Satsinga dekker ikkje treningskort hjå andre treningsstudio.
  • Det er obligatorisk oppmøte på alle øktene, og det skal vere ekstraordinært dersom ein ikkje kan stille på økta. Dette krev god struktur på skulekvardagen.
  • Hafstadsatsinga kan ikkje kombinerast med jobb ved sidan av skulen.
  • Alle må søke på Hafstadsatsinga kvart år innan 1. mars, sjølv om dei allereie går på Hafstadsatsinga. Det er også mogleg å søke seg inn på Hafstadsatsinga andre året sjølv om ein ikkje var med første året.
  • På kveldstid vil du i samarbeid med Førde Volleyballklubb få moglegheit til å trene med eit av laga til klubben.

Treningar med Førde VBK

Samarbeid med Olympiatoppen

Trening i samband med skulen

Region Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Førde Volleyballklubb halde ei samling for dei som kan vere interessert i å søke på Hafstadsatsinga. På samlinga vil det bli informasjon om satsinga og ei praktisk økt. Denne er open for alle som vurderer å søke på Hafstad, eller for dei som allereie går på Hafstad og skal opp i andre eller tredje vidaregåande klasse.

Påmeldingsknapp

Påmelding til samling

Vidaregåande opplæring

Elevar som ynskjer dette tilbodet, må søkje seg inn kvart år i vigo.no innan 1.mars.

Meir om vidaregåande opplæring

Spissa toppidrett

Meir informasjon om spissa toppidrett og inntaksprosedyrer finn du her.

Spissa toppidrett på Hafstad