MVGS

Landsfinalen i meisterskap for vidaregåande skular 2023 går av stabelen i Førde 27. – 29. januar.

Førde Volleyballklubb er arrangørklubb, og kampene skal spelast i Førdehuset. 

 

Meisterskapet startar fredag morgon, og alle lag vil spele kampar alle dei tre dagane. Du kan rekne med at finalar og premieutdeling er ferdig rundt kl. 16.00 på søndag.

Overnatting på hotell

 

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Under MVGS 2023 har Førde volleyballklubb avtale med sponsoren vår, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.
Send lagvis bestilling direkte til hotellet på e-post til: Silje.furset@scandichotels.com.
Namnelister må vere hotellet i hende innan 10. januar.

Dette er dei rabatterte prisane under MVGS:

Overnatting på skule

Det er og mogleg å overnatte på Hafstad vidaregåande skule. Her er det plass til 300 personar, og plassane vil bli fordelte etter «førstemann til mølla».

Overnatting på skule frå torsdag til søndag inkl. frukost og lunsj fredag og laurdag, samt frukost søndag. Pris pr. person pr. natt kr. 250,-

Innsjekk på Hafstad vidaregåande skule frå torsdag kl. 18.

FVBK jobbar med avtale om for middag/mat på kvelden –  nærmare informasjon vil komme

 

Andre overnattingstilbod

Det finst fleire alternativ for overnatting i Førde og nærområdet. Her er nokre eksempel:

Thon Hotel Førde, Førde Gjestehus og camping, Førde Pensjonat, Sande Kro og Motell, Jøsterholmen Camping og Skei hotell.

Reise til Førde

Du kan reise til Førde med:

  • Fly til Førde lufthavn Bringeland
  • Buss: Fjordekspressen: Bergen – Førde – Stryn
  • Med VY-BUSS kan du mellom anna reise frå Ålesund eller Oslo 
  • Privatbil eller minibuss

Arrangementet og kampane

Det er plass til inntil 16 jentelag, 16 gutelag og 24 mikslag.

Alle kampar i landsfinalen blir spelte best av tre sett, til 25-25-15 poeng. Dei deltakande laga blir sett opp til å dømme kvarandre sine kampar fram til sluttspelet. Då bli det sett opp dommarar av NVBF.

Reglementet finn du her. Påmelde lag finn du i Profixio

T-skjorte MVGS 2023

  • Skaff deg di eiga t-skjorte med MVGS-logo!
  • Pris: Kroner 200,-

 

Bankett

Denne gongen vil det ikkje bli arrangert bankett. Dei som bestiller overnatting på Scandic Sunnfjord Hotell, vil få ein god middag laurdag inkludert i prisen for overnatting. Her vil hotellet arrangere to bordsete.

 

Kontaktpersonar: 

Turneringsleiar:

Ansvarlege i hallen:

  • Sonja Iversen (tlf 90 13 31 10)
  • Elisabeth Bjørvik (tlf 91 68 89 94)

Overnatting, mat og t-skjorte:

Pizza-tilbod

MVGS har avtale med Peppes Pizza, som ønskjer hjarteleg velkommen til ei koseleg oppleving i restauranten på Alti kjøpesenter.

Du kan ete så mykje pizza du vil, inkludert ei 0,4 l brus (Pizzabuffet), for kr 159,-. Peppes Pizza har og take away-tilbod med Stor Classic Chicago pizza til berre kr. 188,-.

For bord- og pizzabestilling ring 2222 5555 eller www.peppes.no. Informer om at de er deltakarar på MVGS.

Tilboda gjeld for alle deltakarar heile helga 27. – 29. januar 2023

 

Bestilling av overnatting og t-skjorte

Førde Volleyballklubb treng tilbakemelding på:

  • Kven ønskjer overnatting på skule – med oversikt over tal personar
  • Kven kjem torsdag ettermiddag/kveld, og kven kjem fredag morgon?
  • Kven ønskjer t-skjorte og liste med storleikar
  • Samtykke eller reservasjon mot filming/streaming og bildetaking under MVGS

NB: Frist for tilbakemelding på skuleovernatting, samtykke/reservasjon og bestilling av t-skjorte: 9. DESEMBER 2022

Kvart lag sender samla tilbakemelding på e-post til avstoroy@online.no.