Edvard Rørtveit Adolfsen er tiltenkt ei rolle som diagonal på det canadiske topplaget Camosun Chargers.
– Eg synest det er utruleg kjekt å få eit slikt tilbod, seier Adolfsen.
Rogalendingen har takka ja til tilbodet, og dermed har han spelt sin siste kamp for Førde.
– Dei som kjenner meg, veit at det er dette eg har jobba for i ein del år no. Dersom sjansen dukka opp for å studere og spele volleyball i utlandet, så ville eg ta han, seier Adolfsen.
Mykje likt Førde
Camosun Chargers Athletics er eit skulelag frå Camosun College i Victoria, British Columbia. Dei er regjerande nasjonale meistrar i sin liga. Adolfsen har søkt på ein bachelor i Sports Management ved skulen, og det var trenaren på laget som først tok kontakt.
– Diagonalen deira skal slutte, og dei hadde høyrt at eg kunne bli ein god erstattar, fortel 20-åringen.
Trenaren har sett nokre av Førde sine tøffaste kampar i vår, og han meiner ifølgje Adolfsen at nivået i ligaen deira er minst like bra som i Noreg.
– Eg er heldig som har fått eit så bra tilbod frå akkurat den skulen, for dei har ein veldig bra volleyballkultur. Og det er mykje likt mellom Camosun og Førde VBK. Dei er målbevisste og har verdiar som profesjonalitet og seriøsitet. Det betyr mykje for meg.
Vann cupfinalen med Førde
Adolfsen kom til Førde Volleyballklubb frå ToppVolley Norge i august 2020. To sesongar seinare har han mellom anna fått med seg NM-gull med Førde. Han har og etablert seg som ein sentral spelar på laget.
– Det har vore utfordrande og lærerike år. Då eg kom, vart eg fort sett på plass av nivået og kulturen her. Og eg er utruleg heldig som fekk vere med på det talentfulle laget vi hadde i fjor. Eg lærte veldig mykje av dei eldre og betre spelarane, og det set eg stor pris på, seier han og held fram:
– Eg er og heldig som fekk vere med på eit ungt lag, med høgt nivå for alderen, i år. I dei to åra eg har vore her, har eg bygt sterke forhold til mange av spelarane og støttespelarane, både eldre og yngre. Dette er vennskap som eg kjem til å sakne, og som eg set pris på. Eg vart godt tatt imot, og godt tatt vare på, her i Førde – og eg kjem alltid til å setje pris på den tida.