Ja, så lenge har faktisk Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde Volleyballklubb hatt eit samarbeid. Og no er avtalen forlenga med tre nye år!

– Vi er veldig glade for at Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere med vidare på laget. Vi er heilt avhengige av dette samarbeidet, seier leiar Thomas Østerbø i Førde Volleyballklubb.

Nyleg signerte partane ein avtale som gjer Sparebanken Sogn og Fjordane til klubben sin generalsponsor også i dei tre kommande åra.

– Dette er ei forlenging av eit samarbeid som går veldig langt tilbake i tid. Så det synest vi er gledeleg, seier marknadssjef Gunn Aase Moldestad.

Har vore med i minst 25 år

Sparebanken Sogn og Fjordane har vore med samanhengande som sponsor for klubben sidan før tusenårsskiftet. Dei var iallfall ein av samarbeidspartnarane i 1998 – og truleg har dei vore med også før det. Vi snakkar altså om 25 år. Minst!

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid. Så det skulle berre mangle at vi ikkje er med vidare og, seier Moldestad.

Nyleg besøkte ho sandvolleyballskulen i Hafstadparken saman med banksjef for Sunnfjord, Lars Solnørdal. Dei fekk sjå unge og ivrige spelarar under kyndig rettleiing av elitetrenar Branislav Djuric og elitespelar Martin Olimstad. Og dei er klare på at banken får mykje ut av samarbeidet med klubben.

– Éin ting er den kommersielle verdien, der banken blir synleg gjennom sponsing av lag og drakter. Men minst like viktig er samfunnsansvaret vårt. Denne avtalen er med på å legge til rette for at barn og unge kan få drive med aktivitet, seier Solnørdal.

Han legg til:

– Volleyball er ein fantastisk idrett, og det er gledeleg å sjå at Førde Volleyballklubb klarer å vere god både i breidde og topp. Det seier mykje om kulturen i klubben, og det vil vi vere ein del av, seier han.

SANDVOLLEYBALL: Leiar Thomas Østerbø viste fram både elite- og breiddenivået i klubben då Lars Solnørdal og Gunn Aase Moldestad besøkte Hafstadparken.

Både sponsor- og gåvemidlar

Den nye avtalen er på tre år og består av to delar. Den eine delen er eit ordinært sponsorat, og den andre er gåvemidlar som skal gå til å utvikle klubben vidare.

– Det er ein samarbeidsavtale meir enn ein sponsoravtale. Vi ønsker at banken og klubben skal spele kvarandre gode, seier Moldestad.

For Førde Volleyballklubb betyr avtalen at det er lagt eit solid fundament for dei tre neste åra. No skal Førde halde fram med å utvikle både klubb og spelarar – og ambisjonane er store.

– Vi skal lykkast sportsleg, samstundes som det ikkje skal gå utover over breiddetilbodet. Då treng vi slike som sparebanken i ryggen. Og vi set utruleg stor pris på det banken har betydd for klubben i alle år, seier leiaren.

– Vi går ei spennande tid i møte, med mykje å sjå fram til. Og kven veit, kanskje kan sparebanken sin logo bli å sjå på storskjerm i europacupen allereie til hausten, seier Østerbø med eit lurt smil.

Tusen takk for støtta frå den trufaste generalsponsoren vår!