Både herre- og damelaget får ny trenar kommande sesong. Men begge trenarane er godt kjende i klubben frå før.

Frå og med kommande sesong er rollene bytt om på trenarsida til elitelaga: Jan Egil Tvinde overtar for Branislav Djuric – og vice versa.

– Vi har stokka om på korta i kabalen vår. Det skal gjere oss endå betre rusta til å levere varene den kommande sesongen, seier leiar Thomas Østerbø i Førde Volleyballklubb.

Nøgd med trenarkabalen

Han er nøgd med at både Jan Egil Tvinde og Branislav Djuric er med i den vidare satsinga:

– Jan Egil er ein svært erfaren trenar, og han har tidlegare trent herrelaget i fleire sesongar. Klubben er svært takksam for at han tek ein ny periode som hovudtrenar.

– Bani er den einaste fulltidstilsette trenaren i klubben. Med han som trenar for damelaget, styrkar vi damesatsinga i klubben. Både med tanke på elitelaget, men og ei styrka satsing på oppfølging og talentutvikling.

Førde blir å rekne med

Slik ser trenarkabalen for elitelaga slik ut i sesongen 2023-2024:

  • Hovudtrenar damer: Branislav Djuric
  • Assistenttrenar damer: Espen Arefjord
  • Hovudtrenar herrar: Jan Egil Tvinde
  • Assistenttrenarar herrar: Arild Undheim, Frank Kalstad og Martin Olimstad

– Vi har eit svært høg kompetanse i hjelpetrenarapparatet for begge kjønn. Både Frank Kalstad, Arild Undheim, Martin Olimstad og Espen Arefjord bidrar med enorm kompetanse og erfaring i treningsarbeidet, seier Østerbø.

– Det gjer oss sikre på at Førde Volleyballklubb også i år blir ein klubb å rekne med både på dame- og herresida, seier Førde-leiaren.

Les fleire nyhende før sesongen: