No kan du melde deg og få spennande oppgåver i ein av landets beste volleyballklubbar!
I slutten av mars er det årsmøte i Førde Volleyballklubb, og valnemnda er i gang med å få på plass eit godt styre og mange flinke og dugande folk i utvala som ligg under styret.
Vi treng ungdommar, menn og kvinner av mange slag – og folk med ulike kvalitetar. Har du peiling på økonomi og rekneskap? Er du ein flink administrator? Klarer du å leie andre i eit felles tiltak? Ja, då er det berre å melde seg!
Du får vere med på innsida av ein av dei beste volleyballklubbane i landet. Vi har elitelag for kvinner og menn, seniorlag i fleire divisjon og gode breidde nedover i aldersklassane. Vi kan med andre ord love deg spennande oppgåver på mange felt.
Ta kontakt med:
- leiar Helge Eide, mobil 99 22 44 55
- eller Elin Bruland, mobil: 41 68 38 34
PS: Du kan og tipse Helge og Elin om du har forslag til gode kandidatar:)