Ny slagmaskin klar for Førde! Endre Tvinde har store sko å fylle.

– Eg synest det er veldig stas. Eg har hatt lyst til å spele for Førde sidan eg starta med volleyball i fem-seksårsalderen, seier Endre Tvinde.

19-åringen vart nyleg samd med Førde Volleyballklubb om ein overgang frå ToppVolley Norge, der han har vore dei siste tre åra.

Og la oss ta det med éin gong. Ja, han er i slekt med fleire andre volleyballprofilar med etternamnet Tvinde i Førde:

  • Jan Egil Tvinde er onkel, tidlegare Førde-spelar og noverande trenar for damelaget.
  • Lars Fredrik Tvinde er søskenbarn, tidlegare Førde-spelar og no oppleggar på Koll.
  • Dorthea Tvinde er søskenbarn og noverande oppleggar på damelaget til Førde.
  • Julie Tvinde er søskenbarn og tidlegare Førde-spelar.

No skal Endre altså gå i fotspora til onkel og søskenbarn på elitelaget for herrar.

– Det er på mange måtar den rette plassen for meg. Lars Fredrik har alltid vore forbildet mitt, og eg har sett opp til han og onkel. Så Førde er ein kul plass å spele, seier han.

Konkurranse om plassane

Endre Tvinde er frå Bø i Telemark, men har spelt volleyball i toppdivisjonane for Asker og ToppVolley. Det har blitt fleire kampar mot Førde – stort sett med tap. No ser han fram til å få på seg den blå FVBK-drakta.

– Vi fekk bank av Førde i år. Eg gler meg til å heller gje bank enn å få bank, gliser Tvinde.

Han kjem til Førde som kantspelar – ein posisjon der det er kamp om plassane på laget. Frå før er mellom andre Martin Olímstad, Eirik Molland og Mikal Kalstad i stallen. 

– Korleis ser du på det å komme til eit lag med såpass konkurranse om plassane?

– Eg er audmjuk med omsyn til det. Og så ser eg veldig fram til bra trøkk på trening og den gode treningskulturen. Eg vil spele så mykje som mogleg, men veit at eg må gjere meg fortent til det. Eg gler meg til å finne plassen min i gruppa, seier Tvinde.

Spelar med store ambisjonar

Tvinde har og erfaring med flagget på brystet. Han har ei rekke kampar for norske aldersbestemte landslag, og i sommar skal han først på treningsleir i Japan – deretter til Bulgaria for å spele EM-kvalik med U22-landslaget.

Trenar Frank Kalstad ser fram til å få han på laget.

– Endre er ein spelar med ambisjonar på høgt nivå, og han vil styrke laget. Som type er han ein person som er seriøs, positiv og drar laget mot å prestere. Det blir kjekt å få han inn i gruppa, seier han.

På sikt har Tvinde ambisjonar om å komme seg ut i Europa og spele profesjonelt.

– Eg har alltid sagt at eg vil bli så god som mogleg, men det er mange faktorar som spelar inn. Derfor vil eg no sjå om eg kan ta steget heilt ut med Førde. Heilt konkret er draumen å spele i Italia, men det er langt dit. Uansett er det viktig med draumar for motivasjonen sin del, seier han.

– Kor godt trur du Førde kan gjere det i år?

– Eg er ikkje sikker på korleis stallen blir enno. Men eg går alltid inn i kamp for å spele så bra som mogleg – og eg vil vinne så mange kampar som råd. Og vinn vi mykje, så blir det jo bra, seier Tvinde.

(Foto øvst i saka: John Asle Eivind Hansen)