Stad: Klubbrommet i Øyrane Arena
Tidspunkt: Måndag 31. mars 2025 kl. 18.00
Saker som medlemmar ønskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast til styret på e-post seinast måndag 10.mars: post@fvbk.no.
Førebels sakliste er vanlege årsmøtesaker som:
- Årsmeldingar
- Rekneskap
- Budsjett
- Rullering av strategiplan (5-årsplan)
- Ny org.plan for FVBK
- Val
Fullstendig sakliste med alle saksdokument blir tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet. Send melding til post@fvbk.no dersom du ønskjer desse tilsendt.
For å ha røysterett og kunne bli valt til verv på årsmøtet, må du ha vore medlem av Førde Volleyballklubb i minst éin månad, fylle minst 15 år i inneverande kalenderår og ha gjort opp alle økonomiske krav frå Førde Volleyballklubb. Alle medlemmar har uansett møterett, talerett og forslagsrett.
Årsmøtet er klubben sitt høgste organ – her kan du vere med og påverke arbeidet i klubben. Bli med!
- Du kan sjå innkalling i pdf her: Innkalling til årsmøte 2025
Med sportsleg helsing styret i Førde volleyballklubb