Først er det full rulle med NM U19 i volleyball. Til hausten ventar VM i vektløfting. Og Førde Volleyballklubb spelar nøkkelroller i begge dei store arrangementa.

– Det må vere tidenes dugnadsprosjekt for klubben, seier Thomas Østerbø.

Han er styreleiar i Førde Volleyballklubb og såleis ansvarleg for stor dugnadsaktivitet dette året:

  • NM U19 i volleyball samlar 48 lag frå heile landet i midten av mars. I tillegg kjem støtteapparat, supporterar og publikum – kanskje opp mot 1000 tilskodarar i Øyrane Arena. Førde VBK er arrangørklubb.
  • VM i vektløfting blir arrangert i Førde til hausten. Det er kanskje det største idrettsarrangementet nokon gong i Sogn og Fjordane. Førde VBK skal ha ansvar for opplegget i treningshallen, Øyrane Arena.

Vil vere toneangivande i Norge

Men først av alt blir det altså NM U19 i perioden 14. – 16. mars.

– Då vi flytta inn i Øyrane Arena, ønskte vi å arrangere eit NM så raskt som råd. Det er ein del av planen om å vere toneangivande i norsk volleyball. Så dette er rosinen i pølsa – klubben får skine litt i år, seier Thomas Østerbø.

Han legg til:

– Vi har fått eit heilt anna eigarskap til vår «eigen arena» etter at vi flytta inn i Øyrane Arena. Så vi gler oss til å vise fram storstova med fulle tribuner.

Kan kjempe om medaljane

Leiaren er full av lovord om gjengen som arrangerer og organiserer NM. Med turneringsleiar Sølvi Søgnen i spissen har dei god kontroll – med berre nokre veker igjen til den første serven.

Og dessutan har han forventingar til Førde sine eigne lag i meisterskapet.

– Vi har heilt klart ambisjonar om å kjempe om medaljar for begge laga. Mange av dei same spelarane vann nyleg meisterskap for vidaregåande skular. Men nivået er veldig høgt no, så det blir spennande å følgje med, seier Østerbø.

Han håpar på smekkfulle tribuner under finalane. Då kan det fort bli opp mot 1000 tilskodarar og elektrisk atmosfære.

– Volleyball er ein fantastisk publikumsidrett, og Øyrane Arena er ein fin hall. Dette må folk komme og få med seg, oppmodar Thomas Østerbø.