Det er ikkje berre ute på banene at det blir hektiske dagar under NM i Førde.
– Det blir spennande å sjå kor mange som vil bruke kiosken og om vi får unna køen, seier Solveig Skaar og Urd Sjursen Takle.
Dei har ansvaret for kiosksalet under NM i Øyrane Arena. Og med berre nokre dagar til det brakar laust, har dei det meste under kontroll.
– Vi ligg bra an, og vaktene er fylt opp med dugnadsfolk gjennom heile helga, seier Takle.
Ein stor dugnadsinnsats
Fredag startar dei første kampane under NM U19 i Førde. Så går det slag i slag fram til noregsmeistrane er kåra på søndag. Heile 48 lag skal kjempe om titlane for jenter og gutar.
Undervegs skal fleire hundre personar ha mat.
Dugnadsgjengen har mellom anna bestilt inn hundrevis av pølser, pizzabollar, kyllingsalatar og foccaciaer. Det skal og smørjast meir enn 400 lunsjpakker kvar dag. Det er bestilt 900 bananar.
– Det er ein stor dugnadsinnsats, men vi håpar jo at det skal gje litt inntekter til klubben, seier Takle.
Les og: NM-festen nærmar seg – 48 lag er klare
Riggar eigen pizzakiosk
I Øyrane Arena vil det vere vanleg kiosk ved inngangen til hallen. Her vil det vere mogleg å få kjøpt seg pizzabollar frå Naustdal Dampbakeri, deilig «heimebakst» og pastasalat. Det er og pølser, vafler, brus og anna kioskmat på menyen.
Det vil dessutan bli rigga ein pizzakiosk i eit klasserom i andre etasje. Der er det mogleg å sette seg ned og nyte pizza og brus mellom slaga.
– Vi håpar ekstrakiosken oppe vil avlaste litt. Dei fleste vil vel bruke mest tid inne i hallen og på tribunen, seier Takle og ser fram til kjekke NM-dagar i Førde.
PS: NM U19 er eit enormt dugnadsløft for Førde Volleyballklubb. Til saman, med alle oppgåver, er eit hundretals personar i sving for å avvikle arrangementet!