Mikal Kalstad (18) reiser frå Førde. Neste sesong skal han spele profesjonelt for spanske Rio Duero Soria.

– Eg er utruleg glad for å få sjansen som proff. Det er spennande, og eg er klar for å ta eit steg vidare i karrieren, seier Kalstad.

Kantspelaren frå Førde har signert ein toårskontrakt med Rio Duero Soria i den spanske toppdivisjonen. Nyleg vart han presentert som ny spelar i klubben sine sosiale medium.

– Målet mitt har alltid vore å spele profesjonelt og leve av volleyball, seier 18-åringen.

Skal inn i førsteseksaren

Rio Duero Soria er ein av toppklubbane i Spania. Sist sesong kom klubben på andreplass i både cupen og serien. Nivåmessig er den spanske ligaen betre enn den norske, men ikkje av dei aller beste i Europa. Derfor er det ein fin plass å starte proffkarrieren, meiner Kalstad.

– Dette er min første proffkontrakt, og eg skal berre bli betre og betre og jobbe meg oppover i ligaene. Eg har fått beskjed om eg skal inn i førsteseksaren så fort som mogleg, og klubben set spelarutvikling i høgsetet, seier han og legg til:

– Det å flytte heimefrå kjem til å hjelpe meg med å vakse som spelar og person.

Mikal Kalstad i angrep for Førde under NM U19 i Øyrane Arena. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

Vil ut av komfortsona

Mikal Kalstad er ein del av den sterke 2006-generasjonen i Førde Volleyballklubb. Laget vann NM U17 i Tromsø for nokre år sidan, og dei tok sølv i NM U19 i 2025. Kalstad har trass sin unge alder allereie spelt for elitelaget i fleire sesongar, og det har blitt medaljar i både cup og serie med Førde. Han har dessutan vore meir eller mindre fast i troppen på ulike aldersbestemte landslag.

No er han klar for å ta eit nytt steg.

– Det å reise frå Førde blir nytt og spennande. Eg har hatt det bra her, men det er viktig å komme seg ut av komfortsona og prøve nye ting. Men eg kjem til å sakne Førde, og har klubben å takke for at eg har fått denne moglegheiten, seier kantspelaren.

Han har lyst til å ha ein lang karriere i volleyball.

– Ambisjonane mine er å bli så god som mogleg – så god at eg kan spele i toppligaene i Italia og Polen. Framover må eg berre tenke utvikling og korleis eg kan bli bedre, seier Kalstad.