Uansett om du vil følgje med på det som skjer i NM digitalt, eller om du vil ha med deg stemninga i Førdehuset og Øyrane Arena – her er informasjon som kan vere greitt å få med seg.

Helga 14. – 16. mars er det NM U19 i volleyball i Førde. Kampane blir spelte i Førdehuset og Øyrane Arena, og det er venta mykje folk – både spelarar, støtteapparat og publikum. Allereie fredag morgon vil Øyrane Arena vere fullsett under opningsseremonien klokka 08.45.

For deg som vil oppleve NM-stemninga: Dette kan det vere verdt å vite:

1 – Kampane

Dei første kampane i puljespelet blir spelte fredag klokka 10.15. Det er kampar både i Øyrane Arena og Førdehuset. Dei siste puljekampane blir spelte klokka 16.30, og så startar sluttspelet opp med dei første kampane klokka 18.00. Det vil og vere sluttspel gjennom heile laurdagen i begge hallane, med kampstart i dei første kampane klokka 08.30. I løpet av dagen blir det spelt både kvart- og semifinalar. Søndag er det plasseringskampar, inkludert bronsefinalar og finalar.

  • Bronsefinale jenter: Søndag klokka 08.30
  • Finale jenter: Søndag klokka 11.30
  • Bronsefinale gutar: Søndag klokka 09.45
  • Finale gutar: Søndag klokka 12.45

Du finn heile kampoppsettet og resultat her: https://www.profixio.com/app/nm_u19_2025

2 – Strøyming

Arrangøren vil i samarbeid med MyGame sende nokre kampar frå arrangementet direkte. Som eit minimum vil kvartfinalane, semifinale og finalen bli strøyma. Elles vil vi først og fremst sende kampar frå banene i Øyrane Arena, i tillegg til éi bane i Førdehuset. Fredagen kan bli ein testdag, og vi ber om tolmod frå publikum for at alt ikkje går på skinner denne første dagen.

Du kan sjå kampane her: Se volleyballkamper live – MyGame

Her kan du kjøpe pakka «MyGame Basis» til 129 kroner i månaden.

3 – Parkering

Det er ikkje høve til å parkere ved Øyrane Arena. For dei som kjem med bil, er det mogleg å parkere ved festplassen ved Førdehuset. Dei som har kampane sine i Førdehuset, har gode parkeringsmoglegheiter like ved arenaen. Laurdag og søndag blir det opna ein parkeringsplass like ved Øyrane Arena. Informasjon om kvar denne parkeringsplassen, er vil gitt på lagleiarmøtet. Frå hotella i Førde er det gangavstand til hallane.

4 – Heimelaga

Førde Volleyballklubb stiller med lag i både jente- og guteklassen:

  • Jentelaget er i pulje G med IL Jardar og SK Rival, og spelar puljekampane slik:
  • Fredag 12.45: Førde – Jardar (Øyrane Arena, bane 1)
  • Fredag 15.15: Rival – Førde (Øyrane Arena, bane 1)
  • Gutelaget er i pulje D med Stovner SK og BK Tromsø, og spelar puljekampane slik:
  • Fredag 11.30: Førde – Stovner (Øyrane Arena, bane 2)
  • Fredag 16.30: Førde – Tromsø (Øyrane Arena, bane 2)

5 – Dugnad

NM U19 er eit stort dugnadsløft for Førde Volleyballklubb. Eit hundretals personar er sving for å avvikle arrangementet. Det involverer alt frå pensjonistar, folk i styre og stell, foreldre til aldersbestemte lag i klubben, elite- og førstedivisjonsspelarar og andre venner av volleyballen.

6 – Bilde

Førde Volleyballklubb vil ha to fotografar i sving under NM. Det vil bli mogleg å sjå daglege bildeseriar frå arrangementet på klubben sine Facebook-sider.

7 – Hallane

NM blir spelt i både Øyrane Arena og Førdehuset. Det er gangavstand mellom hallane. Her er ei skisse over banene:

Screenshot
Screenshot