Vi har lag i eliten for både damer og herrar, og i tillegg har vi over 150 aktive spelarar i ulike aldrar.

Vi startar opp nye treningsparti kvar haust. Finn ei gruppe som passar for deg! Alle er velkomne, nybegynnarar og dei som har spelt før!

Påmelding ved å møte på trening eller ved å sende ein epost til leiar@fvbk.no. Treningstidene våre finn du HER.

Laga startar normalt opp med aktiviteten litt etter skulestart. Minivolleyball startar veka etter haustferien.

Kontingent og treningsavgifter

  • Elite: Kroner 4200,-
  • 1. divisjon: Kroner 3700,-
  • Lågare divisjonar, eldre senior: Kroner 2300,-
  • U19 (2. og 3. kl. vgs.): Kroner 3200,-
  • U17 (10. kl. – 1. kl. vgs.): Kroner 3100,-
  • U15 (8. og 9. kl.): Kroner 2400,-
  • Eldre minivolleyball (6. og 7. kl.): Kroner 1600,-
  • Yngre minivolleyball (opp t.o.m. 5. kl.): Kroner 1300,-
  • Støttemedlemskap (enkelt): Kroner 200,-

Aktivitetstilbodet vårt

Elite- og divisjonslag

 

  • Herre- og damelag i eliteserien
  • Treningssesong: August – april
  • August: Sosial oppstartssamling
  • September: Vest-Cup i Stavanger
  • September – oktober: Seriekampar 
  • April: Seriesluttspel i eliteserien
  • 1. divisjon trenar parallelt med elitelaga
  • Lågare divisjonar trenar med alderslaga 

Aldersbestemt

 

  • Lag for U15, U17 og U19
  • Treningssesong: Veke 35 – 17 
  • September/oktober: Opningsturnering i Bergen 
  • November: Førde Cup (U15 / U17) 
  • Januar/februar: Kvalifisering til NM 
  • Mars: Deltaking i aldersbestemt NM 
  • April: Blindheim Cup

Minivolleyball

 

  • Treningssesong: Veke 42 – 14 
  • Veka etter haustferien til påske 
  • Spelar på ulike nivå (1 – 4) 
  • Deltek på lokale turneringar
  • Avslutning med pizzakveld

 

 

Volleyballskule

 

  • Haustferien (måndag – onsdag) 
  • Vinterferien (måndag – onsdag) 
  • Tilbod til barn og unge frå 4. til 10. klasse i Førde og omland 
  • Eigen betaling for kvar av skulane, via Vipps eller bankkonto 
  • Elitetrenarane er trenarar saman med elitespelarar (dugnad) 

Sandvolleyballskule

 

  • Siste veka i mai og ut juni 
  • Tilbod til barn og unge frå 4. til 10. klasse i Førde og omland 
  • Eigen betaling via Vipps eller bankkonto 
  • Elitetrenarane er trenarar saman med elitespelarar (dugnad) 
  • Trening i Hafstadparken og i Førdehuset avhengig av vêret 

Førde Volleyballklubb forventar at…

Foreldre

  • …deltar i det frivillige arbeidet i klubben
  • …stiller opp på klubben sine dugnadar
  • …er støttande publikum på kampar og turneringar 

Trenarar

  • …organiserer treningar
  • …følgjer Førde VBK sine mål
  • …syter for at alle har det kjekt
  • …deltek på trenarutdanning

Oppmenn

  • …melder på lag til turneringar 
  • …organiserer reiser/køyring
  • …organiserer dugnadar for laget
  • …har oversikt over drakter og utstyr

Faste dugnadar vi skal vere med på

  • Klubben har følgjande faste dugnadsoppdrag: 
  • Vareteljing på Extra i Førdegården, vår og haust 
  • Arrangere Førde Cup-turnering i november (U15 og U17)
  • Loddsal desember – mars (alle) 
  • Bidra ved heimekampar i eliteserien

 Økonomiutvalet fordeler dugnad på dei ulike laga