Har du lyst til å prøve volleyball, eller kanskje du vil trene litt ekstra i haustferien? Bli med og ha det kjekt på volleyballskulen vår!

Måndag til onsdag i haustferien inviterer Førde Volleyballklubb gutar og jenter frå og med fjerdeklasse til og med tiandeklasse til volleyballskule i Førdehuset.

  • Tid: Måndag til onsdag 11. – 13. oktober 2021 frå klokka 10:00 til 15:00.
  • Stad: Førdehuset, hall 1
  • Målgruppe: Gutar og jenter frå og med 4. til og med 10. klasse

Hovudinstruktør vert elitetrenaren for herrelaget, Branislav Djuric. Han får hjelp av spelarar frå Førde VBK sine elitelag. Du kan melde deg på for ein eller fleire dagar. Vi lagar grupper ut frå nivå og tal påmelde. Du må hugse å ta med eigen matpakke og drikkeflaske.

Pris:

  • Kr 250,- pr. dag
  • Betaling til Vipps nr. 132763 eller til kontonummer 3705.02.49132 før oppmøte.

Påmelding:

  • Send e-post til post@fvbk.no innan fredag 8. oktober 2021
  • Skriv namn, fødselsår og telefonnummer til foreldre

Vi må ha eit minimumstal deltakarar for å starte opp. Vi gler oss til å sjå deg i hallen!