Bli med på Førdecup!

Førdecup er ei årleg volleyball-turnering i Førde i Sunnfjord. Nedslagsfeltet er Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, men andre lag er også velkomne til å melde seg på!

Neste Førdecup er 5. – 6. februar 2022

Organisering

Førdecup har tilbod for U17, U15 og U13.
Laurdag: U17 og U13*
Søndag: U15
Alle kampane blir spelte i Førdehuset, som ligg i Førde sentrum. Kampoppsett og tidsskjema er avhengig av tal påmelde lag.
Merk at det er seksarvolleyball også i U13-klassen. Sjå meir informasjon nedst på sida.
Påmeldingsavgift: Sjå påmeldingslenke nedst på sida.

Overnatting

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Tlf.  21 89 81 45
E-post til: meeting@scandichotels.com

Thon Hotel Førde
Tlf. 578 28 110
E-post til: forde@olavthon.no 

Førde Gjestehus og Camping
Telefon: 468 06 000
E-post: post@fordecamping.com

 

Førde volleyballklubb har prisavtale med Scandic Sunnfjord hotell. Hotellet ligg i gåavstand frå Førdehuset.

 

Det er også mogleg å kontakte: Førde Pensjonat, Jøstraholmen Camping og Skei hotell.

Du kjem inn gratis på elitekamp

Som deltakar på Førdecup kan du få med deg elitekampar i Førdehuset. Spel volleyball sjølv i éin hall – og bruk pausane til å få med deg volleyball på høgt nivå i nabohallen!
  • Laurdag kl. 13.30: Førde – NTNUI (elite damer)
  • Laurdag kl. 16.00: Førde – NTNUI (elite herrar)
  • Laurdag kl. 18.30: Førde 2 – Askim (1. divisjon herrar)

Påmelding

Frist for å melde på lag: 28. januar 2022

Påmelding

U13 og U17

Påmelding

U15

Førdecup tilbyr seksarvolleyball i U13-klassen.

Dette er eit prøveprosjekt i regionane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vi ønskjer å gjere overgangen frå minivolleyball til U15 lettare og samtidig gje god utfordring for dei som har spelt minivolleyball nivå 4 ei stund. Reglane er som i ein vanleg volleyballkamp på aldersbestemt, men:

  • Antal spelarar: 4 til maks 6 spelarar.
  • Innbyttar: dersom ein har innbyttar, roterer alle spelarene til laget ut og inn ei bestemt rekkefølge som gjer til at alle spelarane spelar like mykje.
  • Det er 3-settskamp, og kvart sett går til 15 poeng og ein må vinne med to poeng. Dersom det vert eit tredje sett, så går også dette settet til 15 poeng.
  • Spelarane kan berre serve maks tre servar i ei serverunde.
  • Baklinja er 7 meter frå nettet i staden for 9 meter. Nokre spelarar synest bana er svært lang når ein går frå minivolleyball til ungdomsvolleyball.

HER KAN DU LESE DEI FULLSTENDIGE REGLANE

Spørsmål? Ta kontakt med Førde volleyballklubb på e-post: post@fvbk.no