16 Mar 2022
Tolv av Førde sine elitespelarar livnærer seg som lærarar – og det er heilt avgjerande for klubben. – Eg synest det er veldig greitt å kombinere læraryrket og volleyball. Eg har veldig kjekke kollegaer på Førde barneskule, og arbeidstidene passar perfekt...
6 Mar 2022
Styret kallar medlemmane i Førde Volleyballklubb inn til årsmøte 2022. Stad: Auditoriet på Førde ungdomsskule. Tidspunkt: Måndag 28. mars klokka 18.00. Sakslista: Saksliste til årsmøte 2022 Ønskjer du tilgang til årsmelding og sakspapir i framkant av årsmøtet, kan du...
6 Mar 2022
Det er lenge mellom kvar gong ein 15-åring debuterer i eliteserien for herrelaget til Førde. Mikal Kalstad er nok den aller yngste debutanten nokosinne. FØRDE – ASKER 3-0 (25-16, 25-18, 25-16) – Det var kjempegøy. Eg var litt nervøs, men det gjekk fint,...
24 Feb 2022
Nokon brukar meir tid på idretten sin enn andre. For Cornelius Hilde Eikeland går heile kvelden med når han skal på trening. – Eg køyrer om lag 16 mil kvar gong eg skal på trening. Det er åtte mil kvar veg, seier 19-åringen. Cornelius Hilde Eikeland er...
7 Feb 2022
Vi feirar at samfunnet opnar og inviterer til GRATIS volleyballskule tre dagar i vinterferien! Ja, du las rett: No har du sjansen til å trene volleyball saman med erfarne spelarar i ein av dei beste volleyballklubbane i landet – heilt gratis. Meld deg på! Dato:...
3 Feb 2022
Det blir eit yrande liv og mykje volleyball i Førdehuset denne helga. – Endeleg kan vi vere vertskap for andre aldersbestemte lag utanfrå, seier turneringsgeneral Elisabeth Bjørvik. Ho er mellom mange som har venta lenge på å kunne arrangere ei større turnering...
28 Dec 2021
Oskar Raftevold er ferdig for sesongen. – Det er sjølvsagt kjipt å avslutte sesongen i desember, men det får eg ikkje gjort noko med, seier Raftevold. I den siste seriekampen mot Viking like før jul, skjedde det som fekk Førdehuset til å gispe: Oskar Raftevold...
21 Dec 2021
I helga var Selma Vassdal (15) og Mikal Kalstad (15) i Danmark for å spele EM-kvalifisering med dei norske landslaga. Les korleis dei sjølv opplevde det! – Eg synest alltid at slike samlingar er veldig lærerike og hyggelege. Og det var det no og, sjølv om vi...
17 Dec 2021
Oskar Raftevold er tilbake i Førde etter eit kort og kaotisk proffopphald i Polonia. – Etter seks veker med mykje kaos, er det deilig å komme heim og senke skuldrane. Det er eigentleg ganske fint, seier Raftevold. I oktober reiste 25-åringen til Polen, der han...
18 Nov 2021
For Mads Vassdal (21) og Selma Vassdal (15) inneber kvartfinalane i NM dobbel spenning. Og det blir dobbelt så kjekt om både herre- og damelaget går til semifinale. – Kampen på søndag blir spennande, som alle kampar. Men ekstra moro blir det om både eg og Selma...
31 Oct 2021
Snakk om rask debut i toppvolleyballen! – Eg hadde ikkje forventa noko i nærleiken av det, så det er jo heilt sjukt, seier Katrine Austevoll. Det er ikkje mange månadane sidan bergensaren kom til Førde for å studere sjukepleie. 20-åringen hadde lyst til å ha...
28 Oct 2021
Elsa Samuelsen reiste frå trygge Færøyane for å sjå kor langt ho kan komme med idretten sin. Første stoppestad er Førde. – Først og fremst vil eg utvikle meg som volleyballspelar, og så får vi sjå kvor langt det rekk, seier 21-åringen. Elsa Samuelsen er ein av...
25 Oct 2021
Fem år etter at han kom til Førde for å gå på folkehøgskule, har Oskar Raftevold tatt steget ut i Europa. – Det er vel ikkje heilt standard, nei. Men det tok av då eg først byrja skikkeleg, gliser 25-åringen. Det er no klart at nok ein spelar reiser frå Førde...
21 Oct 2021
No spelar Dorthea og Eirik for kvart sitt Førde-lag i eliteserien. – Du kan vel seie at eg fekk han med meg heim, sidan eg ønskte å ha han her, seier Dorthea Tvinde. Ho siktar til kjærasten Eirik Molland, som i år har fått mykje speletid for Førde sitt herrelag i...
14 Oct 2021
Damelaget har ikkje snakka om tabellen framfor sesongen. Målet er derimot å bli litt betre både individuelt og som lag på kvar einaste trening. – Det blir kjekt med heimekamp etter så lang tid sidan sist, seier Jan Egil Tvinde. Han er trenar for Førde sitt...
7 Oct 2021
Berre nokre dagar før seriestart heime i Norge, fekk Martin Olimstad eit tilbod han ikkje kunne seie nei til. No er han proff i Belgia. – Det gjekk veldig fort. Då tilbodet om prøvespel kom, måtte eg reise på flekken. Nokre dagar seinare fekk eg tilbod om...
29 Sep 2021
August Kalstad blir truleg på skadelista i tre månadar, etter at han fekk eit ope brot i veslefingeren på trening. – Tidspunktet kunne ikkje ha vore så mykje dårlegare med tanke på at sesongen startar om ei og ei halv veke, seier August Kalstad. Han var denne...
28 Sep 2021
Har du lyst til å prøve volleyball, eller kanskje du vil trene litt ekstra i haustferien? Bli med og ha det kjekt på volleyballskulen vår! Måndag til onsdag i haustferien inviterer Førde Volleyballklubb gutar og jenter frå og med fjerdeklasse til og med tiandeklasse...
23 Sep 2021
Usikker på kva som skjer – eller kva tid det skjer? Her er ein oversikt over kampar og turneringar for laga våre fram til juleferien. Du kan laste ned oversikten i Word her: Terminkalender haust 21 Terminlister for laga våre i seriesystemet: Kampar og resultat...
14 Sep 2021
Førde-spelarane har blitt bombarderte med gratulasjonar og meldingar etter den overraskande cuptriumfen i Oslo. – Desse dagane har eg nesten vore i ei eiga boble. Vi har fått så mykje merksemd og mange gratulasjonar. Utruleg kjekt, seier Martin Olimstad. Han er...