For litt over 30 år sidan byrja Jan Egil Tvinde som spelar i Førde. Sidan har han vore ein nøkkelfigur i klubben – og no har han fått forbundet sitt høgthengande heidersmerke i gull.

– Det er kjekt å bli sett pris på for det frivillige arbeidet eg har gjort i alle desse åra. Alt har vore på dugnad, seier Jan Egil Tvinde.

Nyleg fekk han volleyballforbundet sitt heidersmerke i gull. Det vart delt ut i samband med banketten under final four-sluttspelet i Stavanger.

– Eg visste ingenting då presidenten gjekk opp for å dele ut ein pris. Men så skjønte eg det etterkvart som han fortalde om vinnaren. Det var veldig stas, seier Tvinde.

Han har i ein mannsalder vore ein sentral del av Førde Volleyballklubb, både som spelar, trenar, styremedlem og leiar.

– Jan Egil har gjennom fleire tiår vist ein imponerande innsats for Førde VBK. Vi har ein visjon om livslang idrettsglede, og Jan Egil er eit levande bevis på at det er mogleg å oppnå det, seier president Eirik Sørdahl i Norges Volleyballforbund.

Spelte aktivt i om lag 20 år

Jan Egil Tvinde er opphavleg frå Vik i Sogn, men kom til Førde i 1992. Året etter byrja han å spele volleyball for a-laget til Førde Volleyballklubb.

Den gongen var klubben i førstedivisjon. Magne Hornnes var trenar, og Tvinde fekk medspelarar som Espen Stensvoll, Geir Opseth og Jetmund Berntsen.

Han fekk vere med på opp- og nedrykk fleire gongar, før klubben verkeleg etablerte seg i eliteserien frå tusenårsskiftet. Han var framleis aktiv spelar då Førde tok det første cupgullet i 2007, og han var med då det første seriegullet vart sikra året etter.

Jan Egil Tvinde med draktnummer 10 på Førde i 2000. Foto henta frå Firda

Den siste kampen spelte han i 2012 eller 2013 – om lag 20 år etter at han kom til klubben.

Han er den spelaren med flest kampar i Førde VBK.

– Høgdepunktet som spelar var då vi vann cupfinalen den første gongen. På TV vart eg omtalt som sheriffen (på grunn av bakgrunnen hans i politiet). Det vart ikkje så mykje speletid på meg, men eg var inne og bidrog litt – og det var gjennombrotet vårt i norsk toppvolleyball, seier Tvinde.

Meir sentral som trenar enn spelar

Sogningen var innom vervet som styreleiar i eitt år midt på 1990-talet. Og han kom med som trenar for elitelaget for kvinner i 2012. Sidan har han vore involvert i ulike verv – anten som trenar, sportsleg leiar, styremedlem eller leiar.

I 2015 tok han over herrelaget, og Førde vann både cup og serie i sesongen 2015-2016. Dermed har han vunne serie- og NM-gull både som spelar og trenar.

– Men eg har nok vore meir sentral som trenar enn som spelar, kommenterer han.

Seinare har han og vore trenar for damelaget i fleire sesongar, før han sist sesong tok over herrelaget på nytt. Til saman har han vore elitetrenar i sju-åtte år.

– Eitt av høgdepunkta var sjølvsagt sesongen då herrelaget vann dobbelt gull. Men eg er og stolt over fjorårssesongen med damelaget, då vi kom til cupfinalen og ytte bra motstand, seier 54-åringen.

Jan Egil Tvinde er ein engasjert trenar på sidelinja. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

Motivert av miljøet i klubben

Trass merittane: det er mykje meir enn det sportslege som ligg bak heidersmerket i gull. Eller som president Sørdahl seier det:

– Førde VBK er ein spesiell klubb i volleyball-Norge. Klubben er svært god på rekruttering, orden, struktur og økonomi. Jan Egil, saman med ei rekke andre eldsjeler i Førde, har sin del av æra for det.

Tvinde nikkar. Han har vore sportsleg leiar og styreleiar i fleire år.

– Trenarjobben er målbar, men den store og meir usynlege jobben er klubbjobben. Og det kan vere tunge tak. Alt frå økonomi til personalsaker. Det tar mykje tid, seier Tvinde.

– Kva er det som driv deg?

– Eg tenker ikkje så mykje over det. Men det er kjekt å få vere med på toppnivå i volleyball, slik vi har vore sidan 2007. Vi brukte mange år på å komme dit. Dessutan er det eit unikt samarbeid med dei som dreg lasset saman i denne klubben, seier Tvinde.

Han legg til:

– Det er kjekt å få vere med på å skape eit godt tilbod til ungdom. Frivillig arbeid er kjekt når du kjenner du brenn for det.

Jan Egil Tvinde, Arild Undheim og Frank Kalstad har vore trenarar i Førde i fleire mannsaldrar til saman. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

Han blir motivert av å utvikle klubb og ungdom. Og han trekker fram verdien av å bygge lag, noko som er heilt unikt i idretten. Det er noko som kan brukast overalt, i arbeidslivet, sosialt og i familielivet.

Sjølv har han vore trenar for alle dei tre ungane sine: Lars Fredrik, Julie og Dorthea. Alle har spelt i eliteserien for Førde. Og Jan Egil var sjølv med som trenar då sonen Lars Fredrik spelte EM U22 og VM U23 i sandvolleyball saman med Hendrik Mol.

– Det er utruleg moro, og har gitt meg ein spesiell relasjon til ungane. Vi har ein felles aktivitet som alle har vore opptatt av. Så det har betydd mykje, seier han.

Presidenten stolt av Førde

Heidersmerket i gull vart innført av Norges volleyballforbund i 2016. Frå Førde Volleyballklubb er det berre Jan Ove Hafstad som har fått utmerkinga tidlegare.

Men det er mange fleire eldsjeler som har lagt ned stor innsats i klubben.

– Dugnadsånd og lagånd har vore viktig i heile perioden. Det gir motivasjon og spreier glede å få vere i lag med folk som likar å halde på med slikt, seier Tvinde.

Eller som president Eirik Sørdahl i volleyballforbundet seier det:

– Eg er oppriktig stolt over at vi har livskraftige klubbar som Førde VBK, og naturligvis også stolt over dei verdiane som Jan Egil Tvinde representerer.

Jan Egil Tvinde saman med sonen Lars Fredrik Tvinde. Foto: Privat