Onsdag 30. september samla Førde Volleyballklubb spelarar, trenarar og andre rundt klubben til klubbkveld i Øyrane Arena. Målet med kvelden var å samle klubben før sesongen, skape engasjement på tvers av laga og gi både fagleg og sosialt påfyll.

Kvelden starta med ei felles samling der generalsponsor SpareBank 1 Sogn og Fjordane var innom og heldt eit fint innlegg om samarbeid, lagspel og kva som skal til for å bygge gode relasjonar over tid. Bodskapen om at eit godt samarbeid må gå begge vegar passa godt inn i ein kveld der nettopp fellesskapet i klubben stod i sentrum.

Vidare var det presentasjon av Linn Grepstad Nes om verdiar, planar, mål og organisering i klubben. Respekt, inkludering og samarbeid, og leik er sentrale verdiar i klubben, og det vart også snakka om korleis vi ønskjer å legge til rette for meistring og utvikling for spelarar på alle nivå.

Etter fellesdelen vart deltakarane fordelte på ulike kurs og workshop. Jan Egil Tvinde leia ein motivasjonsworkshop inspirert av den meritterte trenaren Giovanni Guidetti. Workshopen vart avslutta med idémyldring rundt korleis vi kan skape meir liv på tribunen og fylle hallen på kampdag.

Parallelt vart det gjennomført fleire praktiske kurs som skal styrke kompetansen rundt kampgjennomføringa i klubben. Espen Arefjord heldt kurs i kampskjema, Sigrid Nes og Maya Sofie Haug hadde kurs i e-score, medan Oskar Raftevold stod for kurs i DataVolley. På denne måten fekk mange både spelarar og andre rundt laga nyttig kunnskap som klubben vil få bruk for gjennom sesongen.

Kvelden vart avslutta med pizza og sosialt samvær. Det vart ein kjekk og samlande kveld på tvers av lag og alder, og ein fin måte å sparke i gang ein ny sesong i Førde Volleyballklubb.