Denne sesongen deltek ingen av gutespelarane i Førde på meir enn eitt NM.
– Det viser at det gror godt i Førde Volleyballklubb, seier Elisabeth Bjørvik.
Ho er trenar for Førde sitt gutelag som kommande helg skal til Kristiansand for å delta i NM U15.
Der stiller klubben med spelarar fødde i 2009 og 2010. Ingen av dei skal vere med i andre aldersbestemte NM denne våren – og det same gjeld spelarane på gutelaga i NM U17 og NM U19.
Bevisst på belastning og økonomi
Elles er det heilt vanleg at nokre spelarar deltek i fleire årsklassar for klubbane sine, dersom dei er gode nok og laga har behov.
– I Førde trenar to og to årgangar i lag. NM er ei fantastisk oppleving, og det er kjekt at så mange som mogleg får vere med si treningsgruppe til NM. Det betyr at klubben er bevisst på kven som deltek på kva NM, både med tanke på belastning og det økonomiske, seier Bjørvik.
Førde stiller altså med tre unike spelartroppar på gutesida i dei tre meisterskapa denne våren. Til NM U19 reiste klubben med 14 gutar i troppen. Til NM U17 er det 10 spelarar, og på NM U15 er det 11.
Avhengig av breiddetilbod for unge
–Der er fantastisk kjekt at vi har rekruttert så mange spelarar og trent så godt at vi kan stille med tre unike lag. I tillegg sender vi alle til NM med med håp om å kjempe i øvre del av sluttspela, så det er ei særs god kjensle, seier styreleiar Thomas Østerbø.
Han legg til:
– Vi er ein klubb med ambisjonar om å kjempe heilt i toppen av norsk volleyball, og for å lykkast med dette over tid er breiddetilbodet for dei unge heilt avgjerande. Førde har lang tradisjon for å produsere toppspelarar, og på laga vi sender til NM ser vi mange talent med stort potensial. Det gir godt håp for kommande sesongar og ein ekstra boost for klubben inn mot neste NM U19 – som blir på heimebane!