21 Aug 2022
Det er ikkje kvar dag Førde har to debutantar på kvinnelandslaget. No skal Marte Solheim Gundersen og Jenny Fløystad Juliebø bryne seg på internasjonal motstand i EM-kvalik for Norge. – Vi møter nasjonar som er betre ranka enn oss, så det blir kjekt å sjå kor...
12 Aug 2022
Martin Olimstad har brukt sommaren til å spele for landslaget og bli samd med Førde Volleyballklubb. Til hausten vender han tilbake til Førde frå proffopphald i Belgia. – Eg er samd med Førde og ser veldig veldig fram til å spele og bidra for klubben igjen,...
11 Aug 2022
Jobjørn Myren har hatt ei eventyrleg utvikling sidan han byrja med volleyball. For kven skulle tru at det går an å bli landslagsspelar når du kjem frå ei lita bygd utan eige lag…! – Vi fekk prøve volleyball på ungdomsskulen, og eg syntest det var kjekt. Og...
9 Aug 2022
Om du er medlem frå før eller ikkje – no kan du sjølv melde deg inn i klubben. Bli med på vinnarlaget du og! Det er tid for å registrere seg i Førde Volleyballklubb for sesongen 2022-2023, og nytt av året er at vi ønsker at så mange som mogleg gjer dette sjølv....
8 Aug 2022
Edvard Rørtveit Adolfsen er tiltenkt ei rolle som diagonal på det canadiske topplaget Camosun Chargers. – Eg synest det er utruleg kjekt å få eit slikt tilbod, seier Adolfsen. Rogalendingen har takka ja til tilbodet, og dermed har han spelt sin siste kamp for...
2 Aug 2022
Førde Volleyballklubb er svært godt representert i EM-kvaliken for herrar. Nokre av dei brukar heile sommarferien – utan betaling – for å kunne sende Norge til EM! – Vi er samla i seks veker, så heile ferien går med for meg. I tillegg jobbar eg femti...
16 Mar 2022
Tolv av Førde sine elitespelarar livnærer seg som lærarar – og det er heilt avgjerande for klubben. – Eg synest det er veldig greitt å kombinere læraryrket og volleyball. Eg har veldig kjekke kollegaer på Førde barneskule, og arbeidstidene passar perfekt...
6 Mar 2022
Det er lenge mellom kvar gong ein 15-åring debuterer i eliteserien for herrelaget til Førde. Mikal Kalstad er nok den aller yngste debutanten nokosinne. FØRDE – ASKER 3-0 (25-16, 25-18, 25-16) – Det var kjempegøy. Eg var litt nervøs, men det gjekk fint,...
24 Feb 2022
Nokon brukar meir tid på idretten sin enn andre. For Cornelius Hilde Eikeland går heile kvelden med når han skal på trening. – Eg køyrer om lag 16 mil kvar gong eg skal på trening. Det er åtte mil kvar veg, seier 19-åringen. Cornelius Hilde Eikeland er...
7 Feb 2022
Vi feirar at samfunnet opnar og inviterer til GRATIS volleyballskule tre dagar i vinterferien! Ja, du las rett: No har du sjansen til å trene volleyball saman med erfarne spelarar i ein av dei beste volleyballklubbane i landet – heilt gratis. Meld deg på! Dato:...
3 Feb 2022
Det blir eit yrande liv og mykje volleyball i Førdehuset denne helga. – Endeleg kan vi vere vertskap for andre aldersbestemte lag utanfrå, seier turneringsgeneral Elisabeth Bjørvik. Ho er mellom mange som har venta lenge på å kunne arrangere ei større turnering...
28 Dec 2021
Oskar Raftevold er ferdig for sesongen. – Det er sjølvsagt kjipt å avslutte sesongen i desember, men det får eg ikkje gjort noko med, seier Raftevold. I den siste seriekampen mot Viking like før jul, skjedde det som fekk Førdehuset til å gispe: Oskar Raftevold...
21 Dec 2021
I helga var Selma Vassdal (15) og Mikal Kalstad (15) i Danmark for å spele EM-kvalifisering med dei norske landslaga. Les korleis dei sjølv opplevde det! – Eg synest alltid at slike samlingar er veldig lærerike og hyggelege. Og det var det no og, sjølv om vi...
17 Dec 2021
Oskar Raftevold er tilbake i Førde etter eit kort og kaotisk proffopphald i Polonia. – Etter seks veker med mykje kaos, er det deilig å komme heim og senke skuldrane. Det er eigentleg ganske fint, seier Raftevold. I oktober reiste 25-åringen til Polen, der han...
18 Nov 2021
For Mads Vassdal (21) og Selma Vassdal (15) inneber kvartfinalane i NM dobbel spenning. Og det blir dobbelt så kjekt om både herre- og damelaget går til semifinale. – Kampen på søndag blir spennande, som alle kampar. Men ekstra moro blir det om både eg og Selma...
31 Oct 2021
Snakk om rask debut i toppvolleyballen! – Eg hadde ikkje forventa noko i nærleiken av det, så det er jo heilt sjukt, seier Katrine Austevoll. Det er ikkje mange månadane sidan bergensaren kom til Førde for å studere sjukepleie. 20-åringen hadde lyst til å ha...
28 Oct 2021
Elsa Samuelsen reiste frå trygge Færøyane for å sjå kor langt ho kan komme med idretten sin. Første stoppestad er Førde. – Først og fremst vil eg utvikle meg som volleyballspelar, og så får vi sjå kvor langt det rekk, seier 21-åringen. Elsa Samuelsen er ein av...
25 Oct 2021
Fem år etter at han kom til Førde for å gå på folkehøgskule, har Oskar Raftevold tatt steget ut i Europa. – Det er vel ikkje heilt standard, nei. Men det tok av då eg først byrja skikkeleg, gliser 25-åringen. Det er no klart at nok ein spelar reiser frå Førde...
21 Oct 2021
No spelar Dorthea og Eirik for kvart sitt Førde-lag i eliteserien. – Du kan vel seie at eg fekk han med meg heim, sidan eg ønskte å ha han her, seier Dorthea Tvinde. Ho siktar til kjærasten Eirik Molland, som i år har fått mykje speletid for Førde sitt herrelag i...
14 Oct 2021
Damelaget har ikkje snakka om tabellen framfor sesongen. Målet er derimot å bli litt betre både individuelt og som lag på kvar einaste trening. – Det blir kjekt med heimekamp etter så lang tid sidan sist, seier Jan Egil Tvinde. Han er trenar for Førde sitt...