Éin familie representert i tre divisjonar på éin og same dag. Med både spelarar og trenarar. Slå den!
– Det er unekteleg litt spesielt. Vi har ikkje opplevd dette før. Artig, seier Elisabeth Bjørvik.
Ho og sambuar Arild Undheim er kjende fjes i norske volleyballkrinsar. Paret har i mange, mange år vore sentrale i Førde Volleyballklubb. Og ungane, ja dei spelar sjølvsagt volleyball alle som ein.
Store avstandar
Laurdag var Elisabeth Bjørvik trenar for det unge Førde-laget som spelte 3. divisjon i Øyrane Arena i Førde. Der var sonen Andreas (13) med som spelar. Og som bildet i toppen av saka viser, så var det ei kjekk oppleving.
Lenger nord på Vestlandet var den eldre broren Ludvig (16) i aksjon med Førde sitt lag i 2. divisjon i Hornindal.
Og i Oslo var resten av familien involvert i 1. divisjon: Pappa Arild Undheim som bussjåfør og trenar, og den eldste sonen Kristian (19) som oppleggjar.
Vi dristar oss frampå med påstanden om at dette ikkje er daglegdags i norsk volleyball!
Ein heftig logistikk
I familien Bjørvik/Undheim går det i volleyball 24/7 så å seie året rundt. Trass i logistikkplanlegging på høgt nivå, hender det ofte at den aktive familien må dele seg – rett og slett for å nå over alt.
– Logistikken går ikkje alltid heilt opp, med tre ungar og berre to vaksne til å følgje dei opp. Så laurdag var vi spreidd overalt, og Ludvig reiste utan foreldre til Hornindal, seier Elisabeth Bjørvik.
For yngstemann Andreas var det ein ekstra spesiell dag. Han debuterte på seniornivå og i 3. divisjon, berre 13 år gammal.
– Det var ganske kjekt å debutere. Motspelarane var store, så det var bra at vi klarte to sett mot dei. Kult at vi gjorde det så bra, seier han.