Førde Volleyballklubb og Sport1 Førde har inngått ein avtale som gjer at alle medlemmar får gode rabattar på klubbtekstilar i butikken.

– Vi er svært nøgde med at vi har fått denne avtalen på plass. No kan store og små medlemmar gå i butikken og handle klubbklede og utstyr tilpassa volleyball. Det er noko vi har jobba for lenge, seier leiar Thomas Østerbø i Førde Volleyballklubb.

– Volleyball er ein «ny» idrett for oss, så vi gler oss til å jobbe med dette. Førde er ein klubb med stor entusiasme blant medlemmane sine. Det har vi berre sett utanfrå, men no får vi ta del i det og sjå kva det faktisk dreier seg om, seier Øystein Vetti i Sport1 Førde.

Dette er avtalen

Gjennom trepartsavtalen, der også utstyrsleverandøren Mizuno er med, skal alt av klubbtekstilar vere tilgjengeleg i Sport1-butikken på Elvetorget. Alle medlemmar får 20 prosent rabatt på klubb- og Mizunoklede.

– Vi skal assistere klubben på ein best mogleg måte. Her kan vi mellom anna trykke på merke og logoar med éin gong dersom det hastar, seier Vetti.

Dei nye klubbkleda til Førde Volleyballklubb heng no på ein vegg i butikken. Her er det både genserar, t-skjorter, shortsar og treningsbukser. Til hausten vil det komme nye jakker.

– Vi skal ta inn baggar etterkvart. Og her har vi diverse anna utstyr, seier Vetti og hentar fram sleeves, sokkar og knebeskyttarar frå ein reol like ved.

– Om det er ting vi ikkje har her, men som medlemmane meiner vi bør ha, så må folk gjerne komme med innspel, seier Vetti.

Løp og kjøp!

I tillegg til rabatt på volleyballutstyr, får klubbmedlemmane 15 prosent rabatt på vareutvalet elles i butikken – berre med unnatak av ski, syklar og sportselektronikk.

Så no er det berre å oppsøke Sport1 og sikre seg nye klede til gode prisar.

– Vi oppmodar alle til å stikke innom for ein triveleg prat med dei flinke folka på Sport1 – og sjølvsagt ta med seg ein ny FVBK-genser. Det blir kjekt å møte både nye og gamle medlemmar i flotte klede med den fantastiske blåfargen vår, seier klubbleiar Thomas Østerbø.