(FØRDE – KOLL 2-0): Gutelaget imponerte stort då dei tok gull under i NM U17 i Tromsø. Ikkje rart det vart elleville jubelscener!
– Dei har storspelt gjennom heile turneringa. Vi har berre hatt eitt litt dårleg sett, i kvartfinalen mot Kristiansand, elles har vi vunne 2-0. Finalen var ein jamn kamp, men vi har litt fleire spelarar som klarer å avgjere kampane, seier trenar Frank Kalstad til Firda.
Feia motstandarane av bana
Han kunne saman med spelarane juble over at Førde søndag vart norgesmeistrar for U17. Og for eit meisterskap gutelaget leverte i Tromsø!
Frå første ballveksling varta dei opp med volleyball på høgt nivå. Éin etter éin vart motstandarane feia av bana
I finalen vann gutane 2-0 over Koll med settsifra 25-22 og 25-20. Så kunne dei sleppe jubelen laus saman med tilreisande foreldre og støtteapparat.
– Dette er ein gjeng som trenar mykje og som vil mykje, seier Kalstad i jubelrusen.
Fekk MVP og plass på all star
Det er ei stund sidan Førde Volleyballklubb sist vann edelt metall for juniorar. Vi må faktisk tilbake til 2009, då gutelaget vann NM U19. Men endeleg er NM-gullet tilbake der det høyrer heime!
Desse vart norgesmeistrar for Førde: Thorbjørn Fossum Lillesvangstu, Askil Teige, Magnus Valaker Eikeland, Eirik Wallevik Eide, MIkal Kalstad, Magnus Johan Bøe, Daniel Klopstad, Tobias Østerbø, Ludvig Bjørvik Undheim, Kristoffer Nyhammer Myrhol, Vetle Malterud og Håvard Ingvaldsen Sollid. Trenarar: Frank Kalstad, Jorunn Sollid og Arne Eikeland.
Kantspelar Mikal Kalstad vart kåra til MVP (mest verdifulle spelar) i NM. Magnus Johan Bøe og Daniel Klopstad kom og med på all star-laget som høvesvis midtspelar og libero.
Sjå bileta frå finalen her (Foto: Wilhelmsen Media):
Førde sitt jentelag enda på 12. plass under U17-NM i Tromsø.