Jens Aasgard (t.h.) er klar for Førde, og dermed har klubben sikra seg ein ny spelar med erfaring på landslagsnivå.

– Det å få spelt mot gode spelarar er veldig god trening, og eg trur den erfaringa vil hjelpe meg med å utvikle meg vidare, seier Jens Aasgard.

– Det var veldig gøy å få vere med, seier han.

Passar inn i ung spelargruppe

I sommar fekk 19-åringen for første gong prøve seg på samling med seniorlandslaget. Og nyleg vart han klar for Førde.

– Eg ønsker å spele på Førde fordi det er ein klubb med god treningskultur og mange gode spelarar. Så eg ser på Førde som ein bra stad for å utvikle seg, seier Aasgard.

Han passar dermed godt inn blant dei andre nykommarane denne sommaren.

Frå før er også Olav Ingebrigtsen (19), Julian Bjørknes (18) og Christian Holberg (19) ferske i Førde-drakta. I tillegg kjem David Garcia Walaker og Elias Vik Ødelien heim frå TVN. Eirik Molland er heller ingen veteran, men kan bidra med rutine etter eit år i Canada.

Første gong han spelar full serie

Jens Aasgard har ambisjonar om å hjelpe Førde til å gjere det best mogleg kommande sesong. I tillegg ønsker han å utvikle seg som kantspelar.

– Eg har ikkje spelt på eit så bra lag som Førde før, så det trur eg blir lærerikt både på kamp og trening. Dette blir og første gong eg er med på å spele full serie og cup, så det ser eg fram til, seier han.

Jens Aasgard har tidlegare spelt for TVN og moderklubben Strand-Ulv. Han har og vore innom Viking og mellom anna vunne NM U19 med bergensarane. Han har ved fleire høve vore på stjernelaget i aldersbestemte meisterskap.

På biletet øvst i saka er Jens Aasgard til høgre under NM U19 i Bergen. Foto: Frode Andersen.