To brør. To lag. Den dramatiske kampen mellom Førde og NTNUI innheldt ein ekstra dimensjon – og for første gong kunne veslebror juble over siger.

– Kjempekjekt og kjempegøy. Og klart det gir ekstra motivasjon å møte storebroren sin i ein kamp som denne, seier Daniel Klopstad med eit stort glis.

Han har grunn til å smile. For Førde har akkurat vunne 3-2-siger heime mot NTNUI, og saman med resten av lagkameratane måtte han ta ut det vesle ekstra for å ta heim sigeren i den jamne bataljen.

På toppen av det heile har han altså sett storebror og NTNUI-spelar Simon på plass.

– Endeleg er det veslebror som vinn over storebror. No har eg noko å kommentere tilbake med, seier Daniel Klopstad.

– Spesielt å sjå Førde-blått

Litt lenger borte på bana sit Simon Klopstad og tøyer ut etter sin andre tøffe kamp på to dagar. Fredag var det kamp mot Viking i Bergen, og også der vart det jamnt – med eit førstesett som gjekk heilt til 42-44 (!)

Laurdag var den tidlegare Førde-spelaren tilbake i heimbyen, og for første gong spelte han i Øyrane arena.

Det var og første gongen dei to brørne har spelt mot kvarandre i ein kamp der begge fekk speletid på éin gong. Daniel stod heile kampen for Førde – Simon det meste for NTNUI.

– Det er verkeleg spesielt å spele i Førde. Eg blir alltid nostalgisk når eg kjem heim. Det er jo her eg har vakse opp, det er i denne klubben eg har trent og spelt – og det er spesielt å sjå Førde-blått. Og så møter eg bror min, seier Simon Klopstad.

– Kor bittert er det då å tape denne kampen?

– Det er ikkje bittert. Eg synest vi gjer ein god figur totalt sett, seier han.

Tabelltopp etter fire kampar

Førde kom best ut av startblokkene i oppgjeret i Øyrane arena. Med 25-14 til heimelaget i første sett, var det nok mange som trudde at dette skulle bli grei skuring – men NTNUI ville det annleis. Andre sett enda 25-27, før Førde tok det tredje settet med 25-17. Derifrå og ut vart det ein jamn og dramatisk kamp, som fort kunne ha vippa begge vegar. Trønderane halte i land fjerde sett med 24-26, før blåtrøyene frå Sunnfjord avgjorde med 15-13 i tiebreak-settet.

Det betyr at NTNUI fekk med seg eitt poeng, men Førde har uansett hatt ein god sesongstart med fire sigrar av fire moglege. Det betyr og tabelltopp så langt.

– Det er veldig bra. Ikkje minst med tanke på at vi har hatt langtidsskader på fleire spelarar, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Måndag reiser herrelaget til Serbia, der dei skal spele den første kampen i europacupen mot Spartak Subotica. Returkampen blir spelt i Øyrane arena onsdag 1. november.