Olav Ingebrigtsen (19) er samd med Førde om ein overgang frå TIF Viking. Den første seriekampen hans blir dermed spesiell på fleire måtar.

Éin ting er at han kan få debuten sin for Førde – ein annan ting er at det er nettopp Viking som er motstandar.

– Det blir ein perfekt start på sesongen. Eg ser fram til å få oppleve det i ein fullstappa Førde Arena, seier Olav Ingebrigtsen.

– Vinnarmentalitet i Førde

Ingebrigtsen vart nyleg klar for Førde, og går dermed frå moderklubben Viking i Bergen til erkerivalen i Sunnfjord. Akkurat dét er det ikkje veldig mange som har gjort før han.

– Eg ønsker å spele for Førde på grunn av det gode samarbeidet mellom studium og idrett, det gode miljøet og vinnarmentaliteten dei er kjende for. Førde satsar dessutan på yngre spelarar, seier 19-åringen.

Han passar godt inn i planane til Førde sitt elitelag.

– Olav er ein ung diagonal med stor rekkevidde. Han er ein kar som kan utviklast mykje. Han skal ta sjukepleie i Førde, så då kan han bli her i fleire år, seier Frank Kalstad i Førde Volleyballklubb.

(Saka held fram under bildet)

Håpar å kunne leve av idretten

Gjennom det meste av karrieren har Ingebrigtsen vore midtspelar, men det siste året har bergensaren utvikla seg som diagonal for både TIF Viking og juniorlandslaget. Han ønsker å bli endå betre i Førde.

– Å spele for Førde kjem til by på nye utfordringar, opplevingar og kjennskap som vil gjere meg til ein bedre spelar og lagkamerat både på og utanfor bana, seier Ingebrigtsen.

Den 195 centimeter høge diagonalen trekker fram sigeren mot Finland i bronsefinalen i Nevza som høgdepunktet i karrieren til no. Men han har høgare ambisjonar enn som så.

– Det hadde vore kjekt å kunne leve av idretten og å spele på så høgt nivå som mogleg, seier den ferske Førde-spelaren.

(Begge foto: Einar Juliebø)