Frida Berntsen spelar kvar kamp med smerter i ryggen. No ventar ho på operasjon, men i mellomtida er ho ein nøkkelspelar for Førde.
– Det gjer vondt kvar gong eg slår. Men eg er vand med det, for eg har uansett vondt heile tida, seier Frida Berntsen.
Ho har akkurat gått av bana etter at Førde tapte heime mot Randaberg. Berntsen slo inn fem poeng for blåtrøyene, men kunne ikkje hindre at rogalendingane vann 0-3.
– Eg synest vi spelar bra, men Randaberg er eit tøft lag å møte, seier ho.
Handlar om smerteterskelen
22-åringen frå Åmli satsar eigentleg på sandvolleyball, men nyttar sjansen til å spele for Førde til å halde seg i kampform. Ho har nemleg slite med ryggproblem sidan 2018 – og først i 2022 fann legane ut kva det var:
Berntsen lir av Bertollotis syndrom. Det er ein sjeldan og medfødd tilstand som vanlegvis ikkje blir symptomatisk før i slutten av 20-årsalderen eller byrjinga av 30-årsalderen. No ventar ho på å bli operert, og i mellomtida må ho tilpasse kvardagane etter ryggen.
– Eg kan berre trene annakvar veke. Etter ei veke med trening, må eg kvile ei veke for å kunne trene igjen. Heldigvis seier spesialistane at eg ikkje kan bli verre i ryggen, seier ho og legg til:
– Det handlar berre om min eigen smerteterskel.
Skal bli betre og meir stabile
Frida Berntsen er dotter av naustedøl og tidlegare Førde-spelar Jetmund Berntsen. Til vanleg bur og studerer ho i Kristiansand, men nyttar høvet til å bu hos besteforeldra i Naustdal når ho spelar for Førde. Det er viktig å få trent mest mogleg med laget.
– Eg vil vere med og bidra, og ikkje vere ein som berre kjem for å spele kampar, seier ho.
– Frå første seriekampen mot Viking og fram til no, synest eg vi har blitt veldig mykje betre. No skal vi halde fram med å trene godt, og så er eg sikker på at dette blir bra, seier Berntsen.
Det meiner trenar Branislav Djuric og.
– Vi kan spele jamnt med alle, berre vi tar eit steg og blir meir stabile, seier han.