Det er ikkje kven som helst som står i vegen for at Førde skal komme seg til finale i sluttspelet i Mizunoligaen.

– Både eg og Lars Fredrik kjem til å gjere alt vi kan for at Koll skal prestere best mogleg, og vi har tru på at vi skal gjere det vanskeleg for Førde, seier Øystein Løken Bergum.

Han spelar for Koll og er klar for semifinale mot Førde denne helga. Saman med Lars Fredrik Tvinde utgjer han ein sterk førdianarduo på hovudstadslaget.

Begge to er fostra opp i Førde Volleyballklubb og har spelt eit utal elitekampar for klubben.

– Det at to førdianarar står på motsett side av nettet gjer ting endå litt meir interessant. Men først og fremst er dei to gode volleyballspelarar på eit godt lag som vi må slå, seier Eivind Hettervik på Førde.

LANDSLAGET: Øystein Løken Bergum er libero både på Koll og det norske landslaget. Her er han i mottak for Norge saman med Førde-kaptein Martin Olimstad.

Alt tyder på tøffe og tette kampar

Herrelaget til Førde sikra seg billett til semifinalen då dei tok andreplassen i grunnserien. Koll måtte gå via ei kvartfinaleturnering sist helg. Laurdag og søndag møtest dei to laga til semifinalekampar i Oslo.

Vinn Førde begge kampane, er finaleplassen i boks. Elles blir det heile avgjort i Førdehuset om ei veke. Hettervik har tru på avansement.

– Målet med helga er sjølvsagt å vinne to kampar, men det er lettare sagt enn gjort. Klarer vi å spele god volleyball og vere smarte i avgjerande situasjonar mot slutten av setta, kan det absolutt gå vegen. I ligaen vann og tapte vi kvar vår kamp mot kvarandre, så det er ganske ope før første ball – men sjansane er der absolutt for ein finale, seier Førde-oppleggaren.

Øystein Løken Bergum håpar Koll får med seg minst éin siger i helga.

– Hadde du spurt meg for ein månad sidan, hadde eg sagt at Førde vinn enkelt to kampar og tar seg til finalen. Men heldigvis har vi tatt store steg berre dei siste vekene, og det såg vi i kvartfinalane. Likevel synest eg Førde spelar litt ryddigare og betre volleyball enn oss akkurat no, seier han.

– Vi håpar å krige med oss ein siger i helga, slik at vi får ei ny god treningsveke til å bli litt betre enn vi er no, og forhåpentligvis litt betre enn Førde, legg han til.

Lars FRedrik Tvinde for Koll mot Førde

OPPLEGGAR: Lars Fredrik Tvinde (nr.1) spelar som oppleggar for Koll. Han og Øystein Løken Bergum har mange gongar spelar mot moderklubben Førde, og no står det om ein finaleplass i Mizunoligaen.

Kampklare og i god form

På grunn av at Førde gjekk rett til semifinale, har laget hatt god tid til å trene og førebu seg. Det har og vore viktig med tanke på at fleire spelarar har slite med småskadar. No er dei fleste kampklare og i god form.

– Vi har jo hatt ein liten kamppause, så no blir det kjekt å spele kamp igjen. Koll er ikkje noko enkel oppgåve, og vi må spele god volleyball om vi skal ta med oss en siger eller to frå Kringsjåhallen. Vi gler oss til tøffe kampar i Oslo, seier Eivind Hettervik.

– Det er alltid moro å spele mot Førde. Det er to lag som kjenner kvarandre godt og kjem til å gi alt for å vinne, lovar Øystein Løken Bergum.

Førde Volleyballklubb oppmodar alle som er i Oslo til å stikke innom Kringsjåhallen og heie laget fram til siger. Om du ikkje er i Oslo, kan du sjå kampane på TV 2 Play. Kampstart begge dagar er klokka 14.00.