Eivind Hettervik har signert kontrakt med Nordenskov i Danmark.

– Tilbodet kom ut av det blå for ei veke sidan. Eg var litt i sjokk med éin gong, seier Eivind Hettervik.

Oppleggjaren har vore ein nøkkelspelar for Førde dei siste to sesongane. No har han bestemt seg for å halde fram karrieren som proffspelar i utlandet, og han er allereie på plass i Danmark.

– Eg kom fram til at det er eit steg vidare i karrieren min. Eg får testa meg i ein ny liga, på eit nytt lag der fleirtalet er profesjonelle. Eg får fokusere hundre prosent på volleyballen og skal bruke moglegheita som eit springbrett vidare, seier han.

Tok store steg i Førde

Hettervik kom til Førde frå Randaberg framfor 2021/2022-sesongen. I løpet av to år har han sanka medaljar i både serie og cup med klubben.

Han har dessutan blitt kåra til beste oppleggjar i eliteserien, og han har fått sjansen på landslaget.

– Eg har hatt det heilt fantastisk bra i Førde, og eg har vakse som både spelar og person, seier 23-åringen.

– Eg set utruleg stor pris på alle moglegheitene eg har fått, og har berre gode ting å seie om folka i og rundt go’klubben, held han fram.

Dårleg timing for klubben

Førde sitt elitelag er godt i gang med oppkøyringa til sesongen, der første seriekamp er heime mot TIF Viking siste helga i september. På kort varsel blir det utan Hettervik i troppen.

– Timinga på tilbodet var veldig dårleg med tanke på oppkøyringa med Førde, og det er med tungt hjarte eg reiser frå klubben. Men eg har komme fram til at dette er ei moglegheit eg ønskjer å ta, seier 23-åringen.

Førde Volleyballklubb jobbar no med å løyse utfordringa som har oppstått i kjølvatnet av at Hettervik er ferdig i klubben.

– Det er klart det er vanskeleg å erstatte han så nær sesongstart. Og det er synd at dette skjer, då vi elles har eit svært spennande lag. Men vi ønskjer han lykke til i Danmark, og satsar på at vi finn ei løysing. Vi må ha to gode leggjarar i eit lag som satsar på alle frontar, seier sportsleg leiar Frank Kalstad.