Eirik Molland har bestemt seg for å spele for Førde igjen – berre éin sesong etter at han reiste til kanadiske Université Laval.

– Eg gler meg veldig til å spele for Førde igjen. Det er ein bra klubb med gode moglegheiter til å utvikle seg, seier Molland.

Det har gått éin sesong sidan 21-åringen frå Asker reiste frå Førde. I mellomtida har han spelt meir eller mindre fast for den kanadiske toppklubben Université Laval. Det enda med ein tredjeplass i ligaen – berre eitt poeng bak andreplassen.

– No blir det bra å komme tilbake til Førde, seier kantspelaren.

Solid forsterking for Førde

Eirik Molland kom til Førde frå Toppvolley Norge framfor fjorårssesongen, men fekk raskt bra med speletid i eliteserien. Han fekk mellom anna med seg cupgullet i 2021. No har han i tillegg erfaring frå eitt år med volleyball i utlandet.

Det er med andre ord ei solid forsterking for Førde.

– Grunnen til at eg kjem tilbake er at eg var veldig nøgd med korleis det var då spelte for klubben sist. Det er ein bra stad og ein bra klubb, så valet var ikkje altfor vanskeleg, seier Molland.

Han legg til:

– Samstundes reiste eg ikkje fordi eg trudde det skulle bli så mykje betre, men fordi eg fekk sjansen til å prøve noko nytt.

Eirik Molland i aksjon for kanadiske Université Laval. Foto: Privat

Passar godt inn i laget

Molland er nøgd med opphaldet i Canada, som han karakteriserer som «over forventingane». Som volleyballspelar har han opplevd eit lite eventyr med idretten sin.

– Det var eit veldig bra nivå på volleyballen, og det kjendest veldig profesjonelt. Å leve i Canada var heller ikkje så verst, og det var eit bra lag med fine folk som tok godt imot meg. Så det er mykje eg kjem til å sakne, men det skal bli veldig godt å komme heim igjen, seier han.

Returen passar Førde Volleyballklubb som hand i hanske. 21-åringen vil nemleg passe godt inn i laget og planane for neste sesong.

– Han kjenner oss, og vi kjenner han. Eirik er ein stødig allround-spelar som vil tilføre tryggleik i laget. Han er dessutan ein fin fyr som skapar positivitet rundt seg, seier Frank Kalstad i Førde sitt sportslege utval.