Førde har med fire spelarar i Nevza-meisterskapen for juniorlandslag i helga. Tre av dei er på jentelaget.

– Det er veldig kjekt at vi er fleire frå Førde på samling. Då har vi nokon vi er trygge på frå før, og det er veldig deilig. Og så er det kjekt at vi kan representere klubben så bra, seier Selma Vassdal.

Saman med Malin Halleraker Nummedal og Sarah Kvalvågnes Guddal har ho vore på samling med juniorlandslaget denne veka. Til helga skal Førde-jentene spele Nevza-meisterskapen for Norge i Finland.

Der skal også Mikal Kalstad vere med på juniorlandslaget for gutar. Han kjem rett frå europacupkampen med Førde i Serbia.

Har mål om å komme seg til EM

Nevza-meisterskapen for U19 blir arrangert i Rovaniemi frå fredag til søndag. Det gjeld og som første kvalifiseringsrunde til EM U20 i 2024.

– Vi har mål om å kvalifisere oss til neste runde, og vi håpar til og med at vi greier å komme direkte til EM. For å klare det, må vi vinne Nevza. Men vi er ein god generasjon, så vi har gode moglegheiter, seier Vassdal.

I tillegg til Norge, deltar også juniorlandslaga frå Danmark, England, Færøyane, Finland, Island og Sverige i sluttspelet. Dei norske jentene er i pulje med Finland og Island, medan gutane skal møte Danmark, England og Island i puljespelet.

I fjor tok gutane bronse, medan jentene enda på fjerdeplass.

– Vi har trent godt den siste tida, og vi har spelt jamnt mot både Koll og Oslo Volley, så det lovar bra, seier Vassdal.

Stolt over å ha tre jenter med

Heime i Sunnfjord er det mange som følgjer med og heiar på dei fire spelarane frå Førde på dei ambisiøse landslaga. Ikkje minst assistenttrenar Espen Arefjord på elitelaget for kvinner.

– Eg er veldig stolt over at tre spelarar har komme med på landslaget til Norge. Jentene har vist stadig utvikling på trening og kamp. Alle tre er viktige på elitelaget vårt, og dei har veldig gode kvalitetar både på og utanfor bana, seier han.

Han legg til:

– Det blir veldig spennande å følgje med på kampene i Finland, og eg håpar dei kjem tilbake til Førde med masse ny lærdom og erfaringar som kan gjere at både dei og laget kan utvikle seg vidare, seier Arefjord.

PS: Nevza er ei forkorting for North european volleyball zonal association. Meir om turneringa finn du på volleyballforbundet sine nettsider