Dei fleste trenarar har eigne ungar med på laget sitt. Men ikkje Kay Andre Vie.

– Eg trivst så godt at dette må eg berre ha med meg, seier Vie med eit stort smil.

Rundt han i Øyrane Arena er det full aktivitet. Førde sitt J17-lag varmar opp før trening, og lyden av latter og volleyballar fyller hallen.

God humor og flink trenar

Vie er ein av mange trenarar som jobbar på dugnad for Førde Volleyballklubb. Men éin ting skil han frå dei fleste andre: Han har ikkje ungar som spelar volleyball.

– Yngstedottera mi spelte volleyball ei stund, inntil ho gav seg for fire år sidan. Men eg har halde fram som trenar, fortel 42-åringen.

Vie er assistenttrenar for J17-gjengen, noko som òg medfører kampansvar for klubben sitt tredjedivisjonslag. Og dei har det kjekt, ifølge spelarane.

– Kay har god humor. Og han er ein flink trenar. Det trur eg alle synest, seier Lisa Kjerstad.

– Men han er ikkje så flink til å telle poeng. Han må skjerpe seg på det, ler ho.

Applaus frå leiaren

Førde Volleyballklubb har stor aktivitet på aldersbestemt nivå, og kvar einaste veke er mange personar i sving for å trene laga på dugnadsbasis. Det er klubben svært takknemleg for.

– Vi som klubb er heilt avhengige av ein stor dugnad for å holde hjula i gang, og i all hovudsak blir denne dugnaden utført av foreldre og familie til aktive, seier leiar Thomas Østerbø.

Han blir varm om hjartet når han snakkar om eldsjeler som Kay André Vie.

– Det er heilt fantastisk at han brukar så mykje av tida si på klubben, utan at han har eigne ungar som er aktive. Han er sjølve definisjonen av frivilligheit – og eit godt eksempel for andre. Eg vil gi ein stor applaus til alle som gjer ein innsats for Førde VBK kvar dag, men i dag ønskjer eg at vi klappar aller høgast for Kay og andre som han som står på dag etter dag, sjølv om det er lenge sidan barna  har lagt knebeskyttarane på hylla, seier Østerbø.

Får energi på trening

Mange trenarar i Førde bidrar med stor innsats og kompetanse i fleire år. Det gjeld og Kay André Vie, som har vore med som trenar i sju sesongar. Han meiner trenarjobben er motiverande i seg sjølv.

– Eg har meir energi når eg kjem heim etter trening, enn eg hadde før treninga, seier han.

Han trekker fram det gode miljøet i klubben som ein viktig faktor. Dessutan går han godt i lag med trenarkollegaene Mathias Haug og Martine Viken.

Vie slår ut med armane og peikar mot jentene, som har komme i gang med spelinga.

– Sjå så kjekt vi har det, då! Dei er jo ein fantastisk gjeng, seier Vie entusiastisk.