Få dagar etter at Eivind Hettervik reiste frå Førde, er det klart at Ole-Jacob Halgunset blir ny oppleggar på elitelaget.
– Dette blir nytt og veldig spennande. Eg ser fram til å bli kjend med ein ny kultur og ikkje minst nye lagkameratar. Eg er overbevist om at eg går eit bra år i møte, seier Halgunset.
21-åringen frå Asker var innstilt på å spele for Koll heilt fram til denne veka. Men då Eivind Hettervik signerte for danske Nordenskov, vart gode råd dyre i Førde. Og ballen rulla fort.
– Ja, det kan du trygt seie. No på måndag var første gong eg vurderte tilbodet. Og planen er å stille på trening førstkommande måndag i Førde, seier Halgunset.
Imponert over Førde-tilbodet
Oppleggaren fortel at han fekk nokre telefonar tidlegare i veka, men då var det først uaktuelt for han. Halgunset var innstilt på å bu i Oslo og spele for Koll.
Men då han sette seg ned med støtteapparatet til Førde, vart han imponert over den sportslege satsinga og tilrettelegginga klubben kunne tilby.
– Eg konkluderte raskt med at det å spele for Førde var rett val, seier 21-åringen.
No er han motivert på å erstatte Eivind Hettervik som oppleggar i Førde.
– Eivind har levert gode resultat i Førde dei siste åra, og no er det min tur til å ta over stafettpinnen. Eg ser på vegen vidare med optimistiske auge, seier han.
Har spelt i Canada og på landslag
Ole-Jacob Halgunset har tidlegare spelt i toppserien i Canada, og dei siste fem åra har han vore på diverse landslag. Seinast i sommar var han med på alle samlingane med seniorlandslaget. Han har og bakgrunn frå ToppVolley Norge, i tillegg til spel for Asker og Koll.
Når han kjem til Førde, vil han først få tid til å bli kjend med dei nye lagkameratane sine. Det er framleis tid til å få spelt han inn i laget til seriestart i slutten av september.
– Ole-Jacob er ein spelar med gode ferdigheiter, og han er ein god lagspelar. Han vil passe godt inn i gruppa, seier sportsleg leiar Frank Kalstad.
Sjølv har Halgunset følgande tankar om det som ventar han:
– Eg ser på Førde som eit veldig sterkt lag. Laget har rutinerte spelarar, og klubben har i tillegg rekruttert fleire gode talent som er svoltne på utvikling. Det er ein kombinasjon eg har stor tru på, seier den nye Førde-leggaren.
Les fleire overgangssaker:
Fekk nyleg prøve seg på landslaget – no er han klar for Førde
Kjem frå erkerivalen for å spele for Førde
Var klassekameratar på TVN – no skal alle fire spele for Førde