Onsdag spelar Førde borte mot serbiske Spartak Subotica i den første kampen i europacupen. For Mikal Kalstad er det klimakset i ein ellevill periode.

– Det er ganske hektisk. Eg har det veldig travelt med volleyball for tida, seier Mikal Kalstad.

Han fyller ikkje 17 år før i november, men har allereie vore sentral på elitelaget denne sesongen. Han har spelt alle dei fire seriekampane med Førde, og i tillegg har han vore i aksjon med juniorlandslaget. Der har det vore fleire samlingar i haust, mellom anna ei heil vekessamling i Bergen, og snart er det klart for Nevza-turnering. Alt i løpet av berre fire veker!

Elskar å spele i andre land

Og denne veka toppar det seg: Laurdag reiste han rett frå kamp i Øyrane arena til samling med landslaget i Bergen. Han tok fly til Oslo og møtte Førde, før han reiste vidare til Serbia tysdag morgon. Onsdag er det kamp i europacupen. Dagen etter går turen vidare til Rovaniemi i Finland, der han skal trene med juniorlandslaget på kvelden. Så er det NEVZA frå fredag til søndag. Vinn Norge turneringa, er dei klare for EM.

Sjølv synest Kalstad det berre er kjekt.

– Det er volleyball eg synest er gøy, og det er det eg prioriterer høgast. Reising synest eg berre er kjekt, og det å få spele volleyball i andre land er noko av det beste eg veit, seier den talentfulle kantspelaren.

Må prestere på sitt beste

Målet hans er å bli proff og kunne leve av idretten. Travle periodar er derfor den beste erfaringa han kan sjå for seg. Det er slikt han utviklar seg på. No ser han fram til den viktige kampen mot Spartak Subotica i Serbia.

– Eg trur det blir ein veldig tøff kamp. Men førebuingane er gjort, og vi føler oss klare. Så vi skal slå godt frå oss – og vi går alltid for siger, seier Kalstad.

Førde håpar å ha Kacper Wasilewski og Oskar Raftevold speleklare til onsdag. Målet er å få eit så godt utgangspunkt som mogleg før returkampen i Øyrane arena om ei veke.

– Vi møter eit godt lag. Om vi skal ta oss vidare frå 32-delsfinalen, må vi prestere på vårt aller beste, seier Førde-trenar Jan Egil Tvinde.

PS: Førde sitt herrelag er inne i ein periode med mykje kampar på kort tid. Frå 21. oktober og framover skal laget gjennom fem kampar på femten dagar, og to av desse er altså på internasjonalt nivå.