Førde stiller med ein solid base av lokale spelarar til møtet med serbiske Spartak Subotica i europacupen.

– Eg synest det er skikkeleg gøy. Som liten såg eg Førde spele i europacup, men eg kunne aldri ha sett for meg at eg sjølv skulle spele her til slutt. Det betyr mykje for meg, seier Kristian Bjørvik Undheim.

Han har spelt volleyball i Førde Volleyballklubb sidan han var berre gutungen, og no er 19-åringen ein av to oppleggarar på elitelaget.

 – Eg føler at klubben har stor tru på meg som spelar, og det likar eg veldig godt, sidan det er klubben eg har vakse opp i, seier Undheim.

Stolt av dei lokale spelarane

Kontrastane er store når Førde spelar mot Spartak Subotica i Challenge cup. For medan blåtrøyene driv toppidrett utan å få betalt for det, er det serbiske laget heilprofesjonelt. Der Førde køyrde buss på fleire lange etappar under turen til Serbia, har motstandaren råd til å ta fly heile vegen til Førde. Spartak Subotica stiller dessutan med ein diagonalspelar frå USA og ein kantspelar frå Cuba.

Førde har på si side ein libero frå Polen, og nokre andre innhenta spelararar – men det er ein god kjerne med lokale spelarar:

  • Bak frå venstre på bildet:
  • Kristian Kjøllesdal (Førde)
  • Elias Vie (Førde)
  • Oskar Raftevold (Innvik)
  • Daniel Klopstad (Førde)
  • David Garcia Walaker (Førde)
  • Framme frå venstre:
  • Jobjørn Myren (Ikjefjord)
  • Kristian Bjørvik Undheim (Førde)
  • I tillegg er Mikal Kalstad (Førde) med, men han var ikkje til stades då bildet vart teke.

– Vi er stolte av å ha så mange lokale spelarar, både i elitetroppen og i den seksaren som til ei kvar tid spelar. Det viser kor godt klubben jobbar med å utvikle eigne, unge spelarar til høgt nivå. All mogleg skryt til trenarane i klubben som gjer den viktige jobben dag etter dag, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Han legg til:

– At vi har fleire spelarar under 20 år som spelar både i Mizunoligaen og europacup, er kort og godt imponerande. Skal klubben ha lag i toppen, er vi avhengige av å utvikle eigne spelarar til dette nivået.

LOKALE NAMN: Elias Vie og Oskar Raftevold i blokk mot Spartak Subotica i den første kampen i Challenge cup i Serbia. Foto: Spartak Subotica

Håpar på massiv støtte frå publikum

Elias Vie er ein av dei lokale spelarane som er utvikla i moderklubben, og han er ein av dei som har fått mest speletid denne sesongen. Midtspelaren har komme som ein komet på herrelaget. No ser han fram til returkampen mot Spartak Subotica.

– Det er veldig spennande og kjekt å få vere med i ei internasjonal turnering, og spesielt for ein så god klubb som Førde. Eg veit det kjem til å bli ein tøff kamp, men viss vi spelar vårt beste og jobbar for kvart einaste poeng, trur eg vi kan dra det i land, seier 18-åringen.

Han håpar folk i Sunnfjord stiller mannsterke i Øyrane arena.

– Publikum er ekstremt viktig for energinivået vårt. Vi får mykje meir energi viss publikum står og heiar på oss av full hals, seier Vie.

 – Publikum blir vår «sjuande mann». Eg håpar vi klarer å lage endå bedre stemning i hallen enn då Viking var på besøk. Eg vil gjerne at publikum skal ta med alt frå airhorn til trommer og klapparar. Vi må prøve å gjere kampen til serbarane så tung som mogleg, seier Kristian Bjørvik Undheim.

 

  • Returkampen mellom Førde og Spartak Subotica blir spelt i Øyrane arena onsdag 1. november klokka 19.00.