For Oskar Raftevold var det ein emosjonell augneblink då han var tilbake på bana og slo inn sitt første poeng på over eitt år!
– Det var så utruleg deilig. Eg var nesten på gråten då eg skulle inn på bana og heldt rundt Casper, seier Oskar Raftevold.
Og det er ikkje så rart. Kantspelaren har vore ute med alvorleg skade i over eitt år. Heile tida har han hatt det store spørsmålet hengande over seg: Ville han nokon gong kunne spele volleyball igjen? I heimekampen mot Randaberg fekk han og alle andre svaret.
– Endeleg er eg tilbake! Det har vore mykje blod, tårer og ikkje minst sveitte på vegen, seier han.
- Les og: Oskar må gjennom omfattande operasjon
Omfattande skade i kneet
La oss spole klokka tilbake til 18. desember 2021. Det er den siste seriekampen før jul, og erkerival Viking er motstandar. Då skjer det som får Førdehuset til å gispe: Oskar Raftevold bankar inn ein ball i starten av andre sett – før han skrik ut i smerte. Kneet hadde fått seg ein stygg smell i landinga. Spelaren blir henta til undersøking, og veka etter var han til MR på sjukehuset. Veslejulaftan fekk han svar – og det var inga god julegåve:
Leddband og korsband var avrive, og det var i tillegg skadar på menisken som måtte reparerast. Den hardtslåande nordfjordingen måtte gjennom ein omfattande operasjon på seks og ein halv time.
– Legen hadde aldri sett ein så komplisert skade. Men eg bestemte meg for at eg ikkje skulle vere ferdig som spelar. Og det måtte eg gjere for å klare meg gjennom dette, seier Raftevold.
Har fått god oppfølging
Nordfjordingen har fått strålande oppfølging av lege Kristian Humborstad og fysioterapeut Aud Storøy på vegen tilbake. Det har vore ein prosess både fysisk og mentalt. No må han matche seg forsiktig, og det er usikkert om han kan vere klar til cupfinalen kommande helg. Uansett er han glad for å vere tilbake.
Han fekk nokre ballvekslingar i det fjerde settet. Og 385 dagar etter at han sist var på bana, slo han inn sitt første poeng.
– Det har vore eit langt år. Det kjem eg aldri til å gløyme. Men no er det berre å “gunne” på vidare, seier Raftevold.
Han var ikkje åleine om å ha ein klump i halsen under comebacket. Det hadde nok også fleire andre rundt laget og på tribunen – og også for trenar Branislav Djuric var det ein spesiell augneblink.
– Det kjendest veldig godt. Eg veit kor mykje og hardt han har jobba for dette, seier han.
Førde møtte tøff motstand i eit godt Randaberg-lag i Førdehuset. Rogalendingane heldt heimelaget til 3-1 med settsifra 25-23, 22-25, 27-25 og 25-23).