Førde forsterkar stallen med Julian Bjørknes (18) og Christian Holberg (19) frå TVN og Austrått. I tillegg kjem David Garcia Walaker og Elias Vik Ødelien heim frå TVN.
– Eg ønsker å spele for Førde fordi det er ein klubb med høgt nivå og gode spelarar. Det gjer at eg kan utvikle meg som spelar. I tillegg har eg mange vener og tidlegare klassekameratar som og skal spele for Førde, så det gjer det ekstra kjekt, seier Christian Holberg.
Han vart nyleg samd med Førde Volleyballklubb om å spele for klubben den kommande sesongen. Det vart også lagkameraten Julian Bjørknes frå Austrått. I tillegg er det klart at førdianarane David Garcia Walaker og Elias Vik Ødelien kjem heim. Alle dei fire har dei siste åra gått i same klasse på ToppVolley Norge på Sand.
– Eg gler meg veldig til å spele på samme lag i Førde. Vi har trent og spelt saman i tre år no, så det blir bra å kunne bygge vidare på det – i tillegg til å oppleve meir med volleyballen, seier Holberg.
Blir god konkurranse i stallen
Førde er godt i gang med å forsterke stallen framfor den kommande sesongen. Allereie i vår vart det klart at kantspelar Eirik Molland kjem tilbake til klubben etter ein tur «over dammen», og i tillegg kjem Olav Ingebrigtsen frå Viking for å kjempe om ein plass på diagonalen.
Med ungt påfyll frå TVN, bør det blir bra kamp om plassane på laget.
– Førde har godt treningsmiljø, profesjonell haldning til sporten og eit veldig sterkt trenarapparat både på bana og i styrkerommet. No er troppen dessutan veldig sterk, med mykje konkurranse om plassane, og det trur eg vil gje mykje god utvikling. Eg ser fram til å spele og bidra med det eg kan for at klubben skal gjere det best mogleg kommande sesong, seier Julian Bjørknes.
Den 190 centimeter høge kantspelaren har bakgrunn frå Austrått i tillegg til TVN. Han har mellom anna seks sølvmedaljar i aldersbestemte NM innandørs, og han vart kåra til beste kantspelar under NM U17.
– Eg trur eg kan utvikle meg vidare i Førde. Eg veit det blir knallhard konkurranse og mykje trening, og det er noko eg ser fram til, seier Bjørknes.
Unge spelarar klubben kan utvikle
Christian Holberg er midtspelar med 201 centimeter på strømpelesten. Han har tidlegare spelte tre NM-finalar i alderbestemt, og han har deltatt på landslagssamling med juniorlandslaget. No gler han seg til å spele for Førde.
– Det blir veldig spennande å flytte, i tillegg til å bytte klubb og bli kjend med nye lagkameratar. Eg trur eg kjem til å lære mykje og utvikle meg som spelar – og ikkje minst få ikkje oppleve nye ting innan volleyballen, seier 19-åringen.
– Dette er unge spelarar som vi kan utvikle vidare. Dei har allereie gjort det godt på aldersbestemt, seier Frank Kalstad i Førde Volleyballklubb.
PS: David Garcia Walaker og Elias Vik Ødelien returnerer til moderklubben etter nokre år på TVN. Dei sluttar seg dermed til Førde for fullt etter skulegang og volleyballsatsing på Sand.
Foto i saka: Einar Juliebø og privat.