Heime i Canada trudde Erin Mutch at ho var ferdig med volleyball. Så feil kunne ho ta!

– Eg bestemte meg veldig spontant for å reise til Førde. Tanken på å reise til eit nytt land, på den andre sida av jorda, spele volleyball og få oppleve noko nytt, var uimotståeleg, seier Erin Mutch.

23-åringen frå Canada har allereie debutert i eliteserien for Førde. Og sjølv om det ikkje gjekk heilt etter planen mot Viking, er ho veldig glad for å vere på plass i både byen og klubben.

– Eg er akkurat uteksaminert frå Universitetet i Kamloops, British Columbia, og trudde eg var ferdig med å spele aktiv volleyball. Så dukka denne moglegheita opp, og eg kjende at det var ein fin sjanse til å få halde fram med idretten, seier Erin Mutch.

Held eit høgt nivå

Mutch byrja å spele volleyball då ho var ti år gammal. Sidan har ho spelt på ulike nivå heime i Canada, alt frå lokale turneringar til regionalt og nasjonalt – til sandvolleyball på høgt nivå.

– Eg har brukt eit utal timar på idrett, men det har gitt meg utruleg mykje. Eg har blitt den eg er på grunn av volleyballen, og det er eg både stolt og takknemleg for, seier ho.

Erin Mutch er henta til Førde for for å spele kant på elitelaget. Trenarapparatet er godt nøgd med å ha fått ei solid forsterking i stallen.

– Gjennom spel i den kanadiske universitetsligaen har Erin vist at ho held eit høgt sportsleg nivå. Ho er dessutan ei veldig glad og positiv jente å ha med på laget. Eg ser fram til eit godt samarbeid gjennom sesongen, seier Espen Arefjord.

Skal vere mentaltrenar

Erin Mutch er tilsett som mentaltrenar i klubben. I tillegg skal ho følgje opp yngre spelarar og utvikle verktøy som andre trenarar i klubben kan bruke på trening og i kamp. Ho håpar å få brukt eigne erfaringar og opplevingar i jobben.

– Målet er å hjelpe til med å utvikle klubben vidare inn i framtida. Eg håpar eg kan vere eit godt forbilde på trening, både i vektrommet, på bana og med restitusjon og skadeforebygging. Eg ønskjer sjølvsagt å vinne kampar, men vel så viktig er det å få kjennskap til nye folk og opplevingar eg aldri vil gløyme, seier ho.

– Volleyballen har gitt meg så mykje: Møte med fantastiske menneske, god helse, verdiar og livserfaring. Eg håpar eg kan overføre noko av den kunnskapen til dei eg møter her, seier Mutch.

– Korleis har opphaldet i Førde vore så langt?

– Fantastisk! Eg er veldig glad over å vere her. Klima og landskap minner meg om Victoria, heimplassen min, og eg er vand med både regn og snø – så eg er klar for vinter i Førde, seier Erin Mutch.

Foto: Halvor Molland og privat