Foreldra til Erin Mutch kan ikkje berre rusle ned i Øyrane Arena for å sjå volleyball. Dei må reise i 22 timar for å sjå dottera spele for Førde – og det hadde dei gjort i helga.

– Det er jo spesielt at Erin er i Førde og spelar volleyball, seier Andrea og Run Mutch.

Laurdag sat dei på tribunen i Øyrane Arena for å sjå dottera Erin spele for Førde Volleyballklubb.

Bak dei: Ein reiseveg på 22 timar frå heimbyen Victoria, British Columbia i Canada.

– Det er jo nesten så langt borte som det er mogleg å komme, seier paret medan damelaget til Førde varmar opp nede på bana.

LANG TUR: Hadde det vore direktefly mellom Victoria og Førde, hadde turen ifølge Google Maps tatt litt over 16 timar. I praksis brukte foreldra til Erin Mutch om lag 22 timar på turen via Toronto, København og Bergen.

Støtta dottera då ho valde Førde

Erin Mutch kom til Førde framfor sesongen, og har etablert seg som ein nøkkelspelar på elitelaget. Ho har og trenaroppgåver i klubben.

Ho synest det er spesielt å ha foreldra sine på besøk.

– Foreldra mine har alltid vore veldig viktige og ein stor del av volleyballkarrieren min. Det var dei som hjelpte meg med å ta avgjerda om å reise til Førde. Vi har veldig tette band, så det er verkeleg kjekt å vise dei rundt, seier Erin Mutch.

– Det er fint å få sjå kvar ho bur og spelar volleyball, møte vennene og trenarane hennar, og ikkje minst få lære om byen og kulturen her, seier Ron Mutch.

Opphaldet er utviklande

Førre helg reiste paret frå heimbyen på vestkysten av Canada. Turen gjekk først med fly til Toronto, før dei flaug vidare til København og Bergen. Den siste etappen gjekk med buss. Og til helga går turen motsett veg. Då vil dei ha vore i Norge i to veker.

– Vi har alltid vore fascinerte av Skandinavia, og vi hugsar godt bilda frå OL på Lillehammer. Så då passa det godt å ta turen til Norge no. Og det er ei god erfaring å ta med seg for Erin, seier Andrea Mutch.

– Det å bu, jobbe og drive idrett i eit anna land, tvingar deg til å utvikle seg som person, legg ho til.

Erin Mutch på bana for Førde Volleyballklubb.

Glade for å få oppleve Førde

Så langt har Erin tatt foreldra med på kvardagslivet sitt. Det har og blitt kafébesøk, spaserturar i Førde og handballkamp – ein idrett som ikkje er vanleg i heimlandet deira.

Dessverre enda Førde sin eigen heimekamp mot Koll med tap. Men resultatet var nok ikkje det viktigaste for foreldra til kantspelaren på elitelaget.

– Erin er godt tatt imot i klubben, av støtteapparatet og lagvenninnene. Så det har vore veldig kjekt å vere her på besøk, seier Andrea og Ron Mutch.