No vil Karoline Nore gjerne spele ein ny cupfinale med Førde!

– Det er veldig kjjekt å vere tilbake. Det kjennest på sett og vis som å komme heim igjen, seier Nore.

Midtspelaren har tatt seg nokre minutt til fotografering før trening med Førde sitt damelag. 27-åringen legg ikkje skjul på at det er spesielt å spele i den blå drakta igjen.

– Det var her eg starta karrieren min, og det er her eg kjem til å avslutte – når tida er inne, seier midtspelaren.

Veit kva som skal til

Nore starta å spele volleyball i Førde då ho gjekk i sjuandeklasse. Sidan gjekk ho gradene i klubben, fram til ho reiste til Bergen og spelte for Viking i sesongen 2016-17. Ho var tilbake i Førde i 2017-18, og fekk då med seg både serie- og cupgull. Så gjekk ho til Randaberg, der ho vart cupmeister igjen – og dei siste sesongane vart det to strake seriemeisterskap med rogalendingane.

No var det på tide å også tenke på livet og kvardagen utanom volleyballen. Ho ville finne ein stad der ho og kjærasten kunne busette seg i lag.

– Sjølv om han er fødd og oppvaksen på Jæren, var han positiv til å flytte lenger nord og teste det ut. Eg kjende meg ikkje ferdig med volleyball, og det var derfor svært aktuelt å halde fram med å spele for elitelaget til Førde, forklarer Nore.

Som sagt, så gjort. Og det er ikkje minst trenar Jan Egil Tvinde glad for.

– Karoline er ein topp lagspelar. Ho kommuniserer godt, og ho har god innsikt i kva som er viktig både teknisk og taktisk for å skape eit vinnarlag, seier han.

Vil spele cupfinale med Førde

Nore er en merittert spiller, med totalt tre serie- og to cupgull på CV-en. Men ho er ikkje mett på medaljar, og ho håpar å bidra til at Førde kan hevde seg i eliteserien.

At spelarstallen har potensial til å hevde seg, har ho god tru på.

– Vi må så klart sikte oss inn på cupfinale og ei god plassering i eliteserien, seier ho.

Førde opnar eliteserien med heimekamp mot Øksil i Øyrane Arena laurdag 28. september.